Kfar Tavor (hebraisk כְּפַר תַּבוֹר) er ein landsby i Nedre Galilea i Nord-Israel, ved foten av Tabor. Han vart grunnlagd i 1901 og fekk lokal kommunestatus i 1949. I 2008 hadde Kfar Tavor eit folketal på 2 700.

Historie Kfar Tavor vart grunnlagd i 1901 av pionerar under den første Aliya. 28 bønder slo seg ned i området med hjelp frå filantropen baron Edmond de Rothschild. Den nye busetnaden vart først kalla Mes'cha, namnet på ein nærliggande arabisk landsby. Han fekk nytt namn i 1903 etter at sionist-leiaren Menachem Ussishkin, som vitjar staden, bad om det då han sjokkert fann ut at byen ikkje hadde noko hebraisk namn. Rothschild-styret meinte at staden var ideell for dyrking av druer. Vindruene frå Kfar Tavor vart nytta av vingardane i landet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kfar Tavor» frå , den 31. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Bilete av Mescha frå 1910

Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1901 Kategori:1901 i Palestina