Hilary Lindh () er ein USA-amerikansk tidlegare skirennar frå Juneau i Alaska som vart verdsmeister i utfor i 1997, og elles tok ein OL-sølv i 1992 og ein VM-bronse i 1996.
Aktiv Lindh debuterte i verdscupen i 1986 med ein 13.-plass i eit utforrenn i Vail i Colorado. Seks år seinare overraska ho stort ved å ta sølv i utforrennet under Vinter-OL 1992 i Albertville, berre seks hundredels sekund bak den kanadiske vinnaren Kerrin Lee-Gartner.
Lindh vann tre renn i verdscupen i alpine greiner, alle i utfor. Alle sigrane kom i året 1994, fordelt på ein triumf i Spania i byrjinga av februar, og to i desember i Nord-Amerika. Sesongen 1994/95 var ho verdas nest beste kvinnelege utforrennar, bakom landskvinna Picabo Street.
Under VM i alpine greiner 1996 i Sierra Nevada i Spania fekk Lindh ein bronsemedalje i utfortevlinga. Høgdepunkt oppnådde ho i VM i alpine greiner 1997 i Sestriere då ho vart verdsmeister i utfor, med seks hundredels sekund til gode på sølvvinnar Heidi Zurbriggen frå Sveits. Ved sesongslutt la ho alpinskia på hylla.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Hilary Lindh» frå , den 30. januar 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Alpinistar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1992 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994