Kill to Get Crimson er det femte soloalbumet til den britiske musikaren Mark Knopfler, gjeve ut den 17. september 2007 av Mercury Records internasjonalt og av Warner Bros. Records i USA. Tittelen på albumet kjem frå ei linje i songen «Let It All Go». Plateomslaget er teken frå måleriet Four Lambrettas and Three Portraits of Janet Churchman av John Bratby, måla i 1958. Dei første singlane frå albumet var «True Love Will Never Fade» i Europa og «Punish The Monkey» i Nord-Amerika.Mark Knopfler official web site 2007/08/07 Albumet debuterte på 26. plass i USA på Billboard 200 og selde kring 23 000 eksemplar den første veka.Katie Hasty, «Reba Outmuscles Kanye, 50 To Score First No. 1", Billboard.com, 26. september 2007. I Noreg nådde albumet andreplassen på lista og låg inne på Topp 40 i 10 veker. Albumet vart gjeve ut på CD, CD/DVD, dobbel vinyl-LP, og ei luksusutgåve med ein 180g vinyl og ein CD.

Mottaking

Allmusic gav albumet 3 av 5 stjerner. Stephen Thomas Erlewine skreiv om albumet: ««Heart Full of Holes» har ein gammaldags karnevalaktig sving i mellomspelet, og «Secondary Waltz» er ein enkel, lavmeldt, twostep driven av trekkspel, medan «The Fish and the Bird» er ein enkel allegori som vekkjer minne gamle folkemelodiar og det same gjer «Madame Geneva's». Trass i nokre få folkemelodiar, minnar det meste av Kill to Get Crimson om nok eit lågmeldt, smakfullt album. Knopfler rir på den dempa rytmen slik han alltid har gjort, kanskje enno mei avdempa enn vanleg, men den største forskjellen her er at det ikkje er gitaren som er vektlagt, men songen.»

Turné

Kill to Get Crimson-turneen for albumet starta 29. mars 2008 i Amsterdam i Nederland og enda 31. juli 2008 i Miami Beach i Florida. Turneen bestod av 94 konsertar i 88 byar. Besetninga på turneen var Mark Knopfler (gitarar, vokal), Richard Bennett (gitarar), Danny Cummings (trommer), Guy Fletcher (klaverinstrument), Matt Rollings (klaverinstrument), Glenn Worf (bass) og John McCusker (fele, cittern). Turneen omfatta seks konsertar i Royal Albert Hall i London, med Bap Kennedy som oppvarmingsartist. Jesca Hoop var oppvarming på den nordamerikanske delen av turneen.

Innhald

Medverkande Musikk Mark Knopfler – vokal, gitar, produsent Guy Fletcher – klaverinstrument, produsent, lydteknikar Glenn Worf – bassgitar, string bass Danny Cummings – trommer, perkusjon Ian Lowthian – trekkspel John McCusker – fiolin, cittern Frank Ricotti – vibes Chris White – fløyte, saksofon, klarinett Steve Sidwell – trompet Produksjon Chuck Ainlay – produsent, lydteknikar Rich Cooper – assisterande lydteknikar Bob Ludwig – mastering John Bratby – plateomslag Fabio Lovino – fotografi

Lister og salstrofé

Album Liste (2007)PlasseringAustralia41Austerrike10Belgia11Danmark5Nederland4Finland15Frankrike9Tyskland2Italia2Irish Album Chart37Noreg2Polen5Portugal29Spania9Sverige4Sveits3UK Album Chart9US Billboard 20026US Billboard Rock Album9

Årslister {| class="wikitable" |- ! style="width:50px;"|År ! style="width:125px;"|Land ! style="width:125px;"|Liste ! style="width:50px;"|Plassering |- | 2007 | Tyskland | IFPI | #75

Salstrofé OrganisasjonNivåDatoBPI – UKSølv12. oktober 2007IFPI – DanmarkGull12. oktober 2007IFPI – SveitsGull2007IFPI – NoregPlatina12. oktober 2007

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kill to Get Crimson» frå , den 22. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Kill to Get Crimspå på den offisielle heimesida til Mark Knopfler

Kategori:Musikkalbum frå 2007 Kategori:Album produserte av Chuck Ainlay Kategori:Album produserte av Guy Fletcher Kategori:Album produserte av Mark Knopfler Kategori:Mark Knopfler-album