Sailing to Philadelphia er det andre soloalbumet til den britiske songaren og gitaristen Mark Knopfler, gjeve ut 26. september 2000 av Vertigo Records internasjonalt, og av Warner Bros. Records i USA. Gjesteartistar på albumet er James Taylor og Van Morrison.
Tittelsporet er basert på Mason & Dixon av Thomas Pynchon, ein roman om Charles Mason og Jeremiah Dixon, to engelske landmålarar som oppretta grensa mellom Pennsylvania og Maryland, Delaware og Virginia i 1760-åra. Grensa vart seinare kjend som Mason-Dixon-linja og vart nytta sidan 1820-åra for å skilje Sørstatane og Nordstatane i USA.
Mottaking
William Ruhlmann gav albumet tre av fem stjerner i meldinga si for AllMusic og skreiv at «i song etter song på dette albumet får du ei kjensle av at han byrja å spele på ein kjend song innan ein spesifikk sjanger, og til slutt endra han nok til at han kunne kalla det ein original song». I ei melding for Rolling Stone gav David Wild albumet tre og ei halv av fem stjerner, og skreiv om albumet at det var «eit gledeleg tilbakeblikk» til det tidlegare arbeidet til Knopfler med Dire Straits. Wild skreiv vidare:
I 2002 hadde albumet seld meir enn 3,5 millionar eksemplar verda over. I somme område, til dømes i Vest-Europa, vart albumet gjeve ut på HDCD og på ein 5.1-kringlyds DVD-A.
Turné I 2001 la Knopfler ut på turné for å marknadsføre albumet. Turneen starta 27. mars 2001 i Mexico City i Mexico, omfatta 80 konsertar i 68 byar og enda 31. juli 2001 i Moskva i Russland. Turneen bestod av tre delar: Mexico og Sør-Amerika, Nord-Amerika og Europa med Russland. Turnébesetninga var Mark Knopfler (gitar, vokal), Guy Fletcher (klaverinstrument), Richard Bennett (gitar), Glenn Worf (bass), Chad Cromwell (trommer), Geraint Watkins (piano, trekkspel) og Mike Henderson (gitar, mandolin, fiolin, munnspel).
Madrid-konserten den 2. juli 2001 vart filma og gjeven ut på DVD-Video i november 2002. Toronto-konserten i Massey Hall i mai 2001 vart òg spelt inn, men berre tre songar frå denne konserten er offisielt gjeve ut: «Speedway at Nazareth» (B-sida til «Wye Aye Man»), «Who's Your Baby Now» (B-sida til «Boom, Like That») og «Brothers in Arms» (på ei avgrensa utgåve av albumet The Ragpicker's Dream).
Innhald Internasjonal versjon
USA-versjon
Medverkande Musikk Mark Knopfler – vokal, gitarar Richard Bennett – gitarar, strengeinstrument Jim Cox – piano, Hammondorgel Guy Fletcher – klaverinstrument, korvokal Glenn Worf – bass Chad Cromwell – trommer James Taylor – vokal (2) Van Morrison – vokal (5) Gillian Welch og David Rawlings – vokal (8,10) Glenn Tilbrook og Chris Difford – vokal (internasjonal 6) Aubrey Haynie – fiolin (1,10) Paul Franklin – pedal steelgitar, lap steelgitar Danny Cummings – perkusjon Mike Haynes – flygelhorn Jim Hoke – autoharp, munnspel Jim Horn – barytonsaksofon, tenorsaksofon Wayne Jackson – trompet Harvey Thompson – tenorsaksofon Frank Ricotti – marimba Duane Starling – vokal Chris Willis – vokal
Produksjon Mark Knopfler – produsent Chuck Ainlay – produsent, lydteknikar, miksing Chubba Petocz – lydteknikar Jon Bailey – assisterande lydteknikar Graham Lewis – assistent Mark Ralston – assistent Aaron Swihart – assistent Denny Purcell – mastering Jonathan Russell – masteringassistent Andrew Williams – portrettfotografi Eric Conn – redigering Sandy Choron – fotoregi Harry Choron – design Jose Molina – fotografi (framside) James Gritz – fotografi (bakside) Ben Mikaelsen – fotografi (andre)
Lister Liste (2000)Plassering
Salstrofé
Singlar
What It Is
«What It Is» var den første singelen frå albumet. Ein lengre versjon av songen vart gjeven ut i Mexico med eit ekstra vers: And the highwayman stands blowing on his fingers by the green I've walked inside his shoes before so I always buy his magazine He's with a local mystery with blood stains on her hands I like the way she winks at me but I leave her with the highwayman
Den instrumentale delen av songen vart nytta som kjenningsmelodi for CBC Radio One-programmet Dispatches.
Innhald Alle songar skrivne av Mark Knopfler.
Sailing to Philadelphia
«Sailing to Philadelphia» var den andre singelen frå albumet. Songen er ein duett mellom Knopfler og den amerikanske visesongaren James Taylor. Songen er skriven i ein sjølvbiografisk stil og handlar om Jeremiah Dixon og Charlie Mason, ein «Geordie boy» og ein astronom, som segla til Amerika frå Storbritannia. Dixon (Mark Knopfler) meinte det var eit «land av mogelegheiter» i vest, som Mason (James Taylor), «stjernekikkaren» ikkje trur på. Mot slutten av songen indikere rtekste at Dixon hadde rett.
Innhald Alle songar skrivne av Mark Knopfler.
Silvertown Blues
«Silvertown Blues» var den tredje og siste singelen frå albumet. Han vart gjeven ut som singel berre i Nederland og Belgia, men vart spelt på radio i mange europeiske land, særleg Frankrike. Songen vart ikkje spelt på konsertane under Sailing to Philadelphia-turneen.
Silvertown er eit industriområde på nordbreidda av Themsen i London, og songen handlar særleg om bygginga av det økonomisk mislukka Millennium Dome. Han vart bygd p åein stad som var forureina av giftig avfall frå East Greenwich Gas Works som var i drift får 1889 til 1985. From the poisinous drains a vision appears New circle of cranes, a new reason to be here A big silver dome rising up into the dawn Above the church and the homes were all the silver is gone
Innhald Alle songar skrivne av Mark Knopfler.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sailing to Philadelphia» frå , den 19. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Sailing to Philadelphia på den offisielle heimesida til Mark Knopfler
Kategori:Mark Knopfler-album Kategori:Musikkalbum frå 2000 Kategori:Album produserte av Mark Knopfler Kategori:Album produserte av Chuck Ainlay Kategori:Mercury Records-album Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Musikk basert på romanar Kategori:Nummer-ein-album i Tyskland Kategori:Nummer-ein-album i Italia Kategori:Nummer-ein-album i Sveits Kategori:America-songar