Zdeněk Kopal () var ein tsjekkisk-britisk astronom som houvdsakleg arbeidde i England.

Kopal var professor ved University of Manchester frå 1951 til 1981. Dei viktigaste forskingsfelta til Kopal var månen, formørkingsvariable stjerner og dobbeltstjerner. Han har skrive eller redigert over 45 bøker, mellom anna fleire populærvitskaplege, til dømes Widening Horizons (1970), Man and his Universe (1972), The Solar System (1972) og The Realm of the Terrestrial Planets (1979). Sjølvbiografien hans, Of Stars and Men – Reminiscences of an Astronomer kom ut i 1986.

Asteroiden 2628 Kopal er kalla opp etter han.

Kjelder Zdeněk Kopal. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014.

Bakgrunnsstoff Zdeněk Kopal hos Today in Science History

Kategori:Tsjekkiske astronomar