mini|Hardangervegen 1 og 3 framfor Birkeland kyrkje i 2009. Hardangervegen 1 og 3 eller Hardangervegen 1 og Hardangervegen 3, fram til om lag 1910 kjend som Nesttuns Hotel, er to verneverdige hus i Hardangervegen 1 og 3 på Fylkesveg 185 på Nesttun i Fana i Bergen. Fram til ein brann rundt 1910 vart husa drivne som hotell i fleire tiår. Husa vart bygde opp att i 1913 og vart då brukt som bustad for dei tilsette på Nesttun Uldvarefabrikk. I 2011 vart husa kjøpt opp av Heko Eiendomsutvikling etter tiår med ulike eigarar. Husa fall meir og meir frå kvarandre, men på grunn av sin status som verneverdige hadde ikkje Heko Eiendomsutvikling høve til å rive dei. I 2013 måtte ein likevel rive Hardangervegen 1, og vart lovpålagd å bygje huset opp at slik var tidlegare. Husa stod ferdig restaurert i 2016.
Fotnotar
Kategori:Byggverk i Fana Kategori:Hotell i Bergen