Willy DeVille () var ein amerikansk songar og låtskrivar. Gjennom den 35 år lange karrieren sin, først med bandet Mink DeVille (1974–1986) og seinare sitt eige band, skapte Deville originale songar med røter i tradisjonelle amerikanske musikkartar. Han arbeidde med artistar innan mange sjangrar, som Jack Nitzsche, Doc Pomus, Dr. John, Mark Knopfler, Allen Toussaint og Eddie Bo. I musikken til DeVille kan ein høyre latinske rytmar, bluesriff, doo-wop, cajunmusikk, litt fransk cabaret, og ekko frå tidleg 60-talssoul.
Mink DeVille var husband på CBGB, ein historisk nattklubb i New York City, der punkrock vart fødd i midten av 1970-åra. DeVille var med på å definere Brill Building-stilen på ny. I 1987 vart songen hans «Storybook Love» nominert til Oscarprisen. Etter han flytta til New Orleans i 1988, var han med på å setje i gang roots revival innan klassisk New Orleans R&B. Dei sjelfulle tekstane hans og utforskinga av latinske rytmar og stilar, var med på å definere ein ny musikkstil som stundom vert kalla «Spanish-Americana».For example, the term «Spanish-Americana appears on DeVille's MySpace Music page (Henta 13. januar 2015)
DeVille døydde av bukspyttkjertelkreft den 6. august 2009 på eit sjukehus i New York, 58 år gammal.Fusilli, Jim (August 7, 2009) «Willy DeVille Dies at 58». Wall Street Journal. (Henta 13. januar 2015)Editors (August 10, 2009) «Punk pioneer Willy DeVille dies». BBC News. (Henta 13. januar 2015.)Grimes, William (August 10, 2009) «Willy DeVille: Punk Rock Pioneer». The Miami Herald. (Henta 8-12-09) Sjølv om den kommersielle suksessen hans har stige og falle gjennom åra, har ettermælet hans som låtskrivar påverka mange andre musikarar, som Mark Knopfler og Peter Wolf.
Diskografi Med Mink DeVille: 1977: Cabretta (i Europa); Mink Deville (i USA) (Capitol) 1978: Return to Magenta (Capitol) 1980: Le Chat Bleu (Capitol) 1981: Coup de Grâce (Atlantic) 1983: Where Angels Fear to Tread (Atlantic) 1985: Sportin' Life (Polydor)
Som Willy DeVille: 1987: Miracle (Polydor) 1990: Victory Mixture (Sky Ranch) 1990 (Orleans Records) 1992: Backstreets of Desire (Fnac Music) (Rhino, 1994) 1993: Willy DeVille Live (Fnac Music) 1995: Big Easy Fantasy (New Rose) 1995: Loup Garou (EastWest) (Discovery, 1996) 1999: Horse of a Different Color (EastWest) 2002: Acoustic Trio Live in Berlin (Eagle) 2004: Crow Jane Alley (Eagle) 2008: Pistola (Eagle)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Willy DeVille» frå , den 13. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
«Willy DeVille, Whose Creativity and Influence Outgrew the New York Punk Scene" - Minneord i The Guardian
Kategori:USA-amerikanske bluesgitaristar Kategori:USA-amerikanske bluessongarar Kategori:USA-amerikanske munnspelspelarar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske songar-låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske soulsongarar Kategori:Døde av kreft Kategori:Slidegitaristar Kategori:Mink DeVille-medlemmar