Christine Goitschel, gift Beranger, () er ein fransk tidlegare alpinist frå Sainte-Maxime i departementet Var som vart olympisk meister i slalåm i 1964. Marielle Goitschel er hennar yngre syster.

Aktiv Christine Goitschel vart nummer åtte i storslalåm då VM i alpine greiner 1962 vart arrangert i Chamonix i hennar heimland. To år seinare vann ho gullmedaljen i slalåm under dei olympiske vinterleikane i Innsbruck, systera Marielle tok sølvmedaljen. To dagar etter var rollene omsnudd, då sigra Marielle, medan Christine kom på andreplass saman med Jean Saubert frå USA.

Christine Goitschel vann eitt renn i verdscupen i alpine greiner, storslalåmrennet i Franconia i New Hampshire 11. mars 1967. Ho vart skadd tidleg i OL-sesongen 1968 og la då bort konkurranseskia.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Sports-Reference

Kategori:Franske alpinistar Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Franske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1964