Margit Hvammen Skogstad () var ein norsk alpinist frå Geilo som var medlem av Geilo Idrettslag.
Hvammen vart norsk meister i storslalåm i 1952 og 1954 samt i utfor i 1955. Ho deltok under Vinter-OL 1952 i Oslo der ho vart nummer sju i utfor og kom på 18. plass i både storslalåm og slalåm. To år seinare vart ho nummer fem i slalåm då VM i alpine greiner 1954 fann stad i svenske Åre.
Saman med andre familiemedlemer dreiv ho i mange år ei sportsforretning på Geilo. Alpinisten Aud Hvammens var hennar yngre syster.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Margit Hvammen» frå , den 6. januar 2015.
Kategori:Norske alpinistar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952 Kategori:Folk frå Hol