Yacouba Isaac Zida () er ein burkinsk offiser som ei kort tid var president for Burkina Faso etter at Blaise Compaoré blei avsett. Deretter blei han statsminister i overgangsregjeringa leia av Michel Kafando.
Bakgrunn Zida er fødd i Yako nord i landet. Han studerte engelsk ved Universitetet i Ouagadougou før han gjekk inn ved militærakademiet Georges Namoano de Pô. Han har også ein mastergrad i internasjonal leiing frå Université Lyon III. Han snakkar mossi (mòoré), dioula, fransk og engelsk flytande.
Militært har Zida oppnådd graden oberstløytnant. Han har hatt fleire utanlandske oppdrag, og verka mellom anna i fredsbevarande styrkar for SN i Den demokratiske republikken Kongo frå 2008 til 2009. Under president Blaise Compaoré var han nestkommanderande for tryggleikstyrkane til presidenten, Régiment de la Sécurité Présidentielle. Han mottok antiterrorismetrening frå den amerikanske hæren i 2012.Burkina Faso: Not so pretty now, economist.com.
Oppreist Då det braut ut store demonstrasjonar i Burkina Faso i oktober 2014, hadde Zida i oppgåve å verna presidentpalasset Kossayam i Ouagadougou. Han skal ha gått over til demonstrantane si side då han fekk ordre om å skyta på dei.
31. oktober gjekk president Compaoré av etter 27 år ved makta, og flykta frå landet. Militærleiaren Honoré Traoré annonserte kort tid etterpå at han skulle ta over makta. Same kveld gjekk Yacouba Isaac Zida gjekk ut og annonserte at han skulle leia ei overgangsregjering. Zida hadde støtte frå fleire unge offiserar, og fekk snart det meste av hæren bak seg.
17. november 2014 blei den sivile diplomaten Michel Kafando vald til nytt statsoverhovud i overgangsregerjgina, og han blei teken i eid dagen etter.«Kafando sworn in as Burkina Faso transitional president» , Reuters, 18 November 2014. Zida blei så utnemnd til statsminister den 19. november.Mathieu Bonkoungou and Nadoun Coulibaly, «Burkina Faso names army colonel Zida as prime minister» , Reuters, 19 November 2014. I tillegg til denne rolla fekk Zida også stillinga som forsvarminister i regjeringa utnemnd den 23. november.«Le gouvernement de la transition est connu», Lefaso.net, 23 November 2014«Transitional government appointed in Burkina Faso» , Reuters, 24 November 2014.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Yacouba Isaac Zida» frå , og «Yacouba Isaac Zida» frå den 15. desember 2014.
Bakgrunnsstoff Burkina Faso Military Chief Says He Has Taken Over
Kategori:Burkinske militære Kategori:Burkinske presidentar Kategori:Burkinske statsministrar