Kraniebrot eller kraniefraktur er eit knokkelbrot i éin eller fleire av dei åtte knoklane som utgjer hjerneskallen i hovudskallen, og oppstår oftast etter stump traume. Viss slagkrafta er stor nok, kan knokkelen bryta i nærleiken av inntrykket og gjere skade på underliggjande strukturar som finst inni kraniet, som til dømes membranar, blodårer og hjernen, òg ved fråvær av brot. Eit brot i hovudskallen vert òg kalla skallebrot og skallefraktur.
Ukompliserte kraniebrot kan oppstå utan fysisk eller nevrologisk skade og er i seg sjølv ikkje av klinisk signifikans, men brot i friske knoklar tydar på at ei monaleg kraft har treft skallen, noko som aukar sjansane for tilknytt skade. Eit kraftig slag mot hovudet fører til hjerneristing, med eller utan tap av medvite.
Eit knokkelbrot i kombinasjon med overliggjande laserasjon som flengjer overhuda (epidermis) og hjernehinnene, eller som går gjennom bihòlene og mellomøyret slik at det ytre miljøet kjem i kontakt med kraniehòla, vert kalla eit «opent brot».
Det finst i hovudsak tre typar kraniebrot: Lineært kraniebrot — langsgåande brot Impresjonsbrot (inntrykkingsbrot) — skallen er inntrykt Basisbrot — brot i «golvet» av hovudskallen
Lineære kraniebrot er vanlegast og krev oftast ikkje intervensjon for sjølve brotet. Impresjonsbrot er oftast komminutte, med brotne fragment som er forskyvd innover. Dei krev oftast kirurgisk intervensjon for å reparere underliggande vev. Basisbrot oppstår i knoklane i basen av hovudskallen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Skull fracture» frå , den 12. desember 2014.
Kategori:Knokkelbrot Kategori:Sjukdommar i skjelettsystemet Kategori:Nevrotraume