mini|Kanurikvinner frå Dikwa-emieratet fotografert ca. 1955.
Kanurifolk er ei folkegruppe frå området kring Tsjadsjøen i delstaten Borno nordaust i Nigeria og i tilstøytande delar av Niger, Tsjad og Kamerun. Kanurifolka var den viktigaste gruppa i det historiske kongedømet Bornu. Språket deira er kanuri, eit nilo-saharisk språk.
mini|To bilde frå ein kanurimarknad.
Det finst rundt 5 millionar kanurifolk. Dei fleste av dei bur i Nigeria, der det blei estimert at det fanst rundt 4,8 millionar i 2005.
Dei fleste kanurifolk er sunnimuslimar, og konverterte på 1100-talet.
Kanuriane har tradisjonelt vore fastbuande, til forskjell frå nomadisk nabofolk som toubou og zaghawa. Den viktigaste næringsvegen er jordbruk. Dei dyrkar gjerne hirse og durra for eige bruk og jordnøtter og bomull til eksport. Dei har også tradisjon for å fiska i området ved Tsjadsjøen, vunne ut salt og drive handel. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
Den viktigaste kanuribyen er Maiduguri. Her har den tradisjonelle herskaren for folket, shehuen eller emiren av Borno, sete.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kanuri people» frå , og «Kanuri» frå den 11. desember 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nigerianarar Kategori:Nigeriansk samfunn Kategori:Kamerunarar Kategori:Niger Kategori:Tsjad