Beit Jann (arabisk بيت جن, hebraisk בֵּיתּ גַ'ן) er ein drusarlandsby i Har Meron, nord i Israel. Med ei høgd på 940 meter over havet er Beit Jann ein av dei høgastliggande busetnadane i landet. I 2009 hadde han 10 500 innbyggjarar, og innbyggjarar er hovudsakleg drusarar.Higher education i drusarar community
Historie Beit Jann er ein gammal landsby på toppen av ei høgd. Steinar frå gamle bygningar er nytta om att i nyare hus, og det er funne cisterner og graver skoren ut i berget.Dauphin, 1998, s. 657
Kring 1250 vart Beit Jann nemnt blant casalane til Den tyske riddarordenen, då kalla Beitegen.Conder and Kitchner, 1881, s. 206Strehlke, 1869, s. 78-79, No. 100; sitert i Röhricht, 1893, RHH, s. 308, No. 1175
I følgje ei lokal seg skal fleire drusarfamiliar har levd i spreidde grupper i åsane nær vasskjelder fram til 1200- eller 1300-talet. To jegerar leitte etter grevlingar, då dei kom over ei hole med ei gammal cisterne fylt med vatn. Dei meinte at dette var ein god stad for ein permanent bustad, og fleire familiar slo seg ned på staden som vart Beit Jann.Mountain People, Jerusalem Post
Osmansk tid I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod Bayt Jinn oppført i osmanske skattelister som ein del av Akka nahiya. Han hadde eit folketal på 102 hushaldningar og 5 ungkarar, alle muslimar. Dei betalte skatt for eit spesielt produkt: dulab harir, enkelte inntekter, geiter og/eller bikubar, olivenoljepresse og/eller ei presse for druesirup.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 192
Den amerikanske bibelforskaren Edward Robinson skildra Beit Jann som ein «stor, velbygd landsby» i 1852, med hus av kalkstein. Det var 260 menn, alle drusarar, i landsbyen.
Det britiske mandatet I folketeljinga i 1922 hadde Bait Jan eit folketal på 902: 6 muslimar, 1 kristen og 895 drusarar.Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 36 I folketeljinga i 1931 hadde Beit Jann 229 hus og eit folketal på 1100 drusarar og éin muslim.Mills, 1932, s. 100
mini|venstre|Heilagdom i Baha al-Den. Etter 1948 I september 1991 vart liket av Samir Assad, ein soldat frå Det israelske forsvaret frå Beit Jann som DFLP hadde halde på sidan 1983, gjeve attende til Israel i byte mot medlemmar av DFLP sende i eksil.Prisoners-of-War and Captive Soldiers Exchanges
I juli 2006, under den andre Libanonkrigen, vart Beit Jann råka av Katyusha-rakettar avfyrte av Hizbollah.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beit Jann» frå , den 6. desember 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til Bayt Jann
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Drusarstader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel