Elisabeth Görgl () er ein austerriksk tidlegare alpinist frå Parschlug i Steiermark som vann gullmedaljen i både super-G og utfor under VM i alpine greiner 2011 i Garmisch-Partenkirchen. Alpinisten Traudl Hecher er mor hennar. Også broren Stephan Görgl har hevda seg i verdseliten i alpine greiner.

Aktiv Görgl markerte seg fyrste gongen i verdscupen den 5. januar 2003, då ho kom på andreplass i eit slalåmrenn i Bormio. Ho deltok i VM i alpine greiner 2003 og 2005, i den sistnemnde meisterskapen vart ho nummer sju i storslalåm og åtte i kombinasjonen, samt under Vinter-OL 2006, utan å vinne meisterskapsmedaljar.

Ei heller ved verdsmeisterskapen 2007 i Åre lukkast ho å melde seg på i medaljestriden. Den 12. januar 2008 i Maribor kunne ho derimot notere ned den fyrste triumfen i verdscupen. 15. mars same året vann ho i Bormio på ny, begge gongar kom sigrane i storslalåm. Gjennom 2008-sesongen enda ho opp som nummer to i både storslalåm- og super-G-cupen. Totalt vart ho nummer fire i verdscupen i alpine greiner 2008, hennar fremste plassering i konkurransen om den store FIS-pokalen.

mini|Sigerspallen etter OL-utforrenet 2010, Görgl til høgre Under VM i alpine greiner 2009 vann Görgl si fyrste meisterskapsmedalje då ho tok bronsen i superkombinasjonen. Året etter vann ho bronsemedaljar i både storslalåm og utfor under Vinter-OL 2010 i Vancouver.

Ei vekes tid før ho fylte 30 år hausta Görgl sine største triumfar i alpinløypene. Under verdsmeisterskapen 2011 i tyske Garmisch-Partenkirchen vart ho fyrst verdsmeister i super-G og deretter gullvinnar også i utforrennet.

Görgl vann i perioden januar 2008 – desember 2014 sju renn i verdscupen, til saman stod ho på sigerspallen etter 42 renn. Ho la opp i 2017.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Elisabeth Görgl» frå , den 4. desember 2014.

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2010 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2014