mini|Frå Åsgårdstrand, ca. 1887 Hans Olaf Halvor Heyerdahl () var ein norsk målar, fødd i Smedjebacken i Dalarna i Sverige. Han var ein viktig føregangsmann for realismen i norsk målarkunst.
Liv og gjerning Heyerdahl var son til ein ingeniør og voks opp i Drammen. I 1873 tok han til på kunstkulen i Kristiania. Frå 1874 studerte han i lag med Eilif Peterssen ved kunstakademiet i München, der Ludwig Löfftz og seinare Wilhelm Lindenschmit var lærarane hans. Under verdsutstillinga i Paris i 1878 vart Heyerdahl tildelt ein gullmedalje for verket Adam og Eva drives ut fra paradiset, måla i 1877.
Åra 1878 til 1882 arbeidde Heyerdahl i Paris, der han som elev av Léon Bonnat vart påverka av friluftsmåleriet og av naturalismen. Eit hovudverk frå den perioden, Det døende barn, vart i 1882 kjøpt inn av den franske staten. Frå 1882 til -84 var han på studiereise i Italia, der han var i kontakt med den sveitsiske målaren Arnold Böcklin.
Frå midt på 1880-talet laga Heyderdahl fleire strandbilete med sol og svaberg. I Kristiania og Åsgårdstrand pleia han omgang med Christian Krohg, og den unge Edvard Munch. Mange av hans mest ettertrakta bilete syner sommaridyllar ved Oslofjorden. På 1890-talet måla han ei mengd portrett, samstundes som han prøvde ut eit symbolistisk biletspråk.
Heyerdahl var elles påverka av eldre såkalla klassiske meistrar. Fargebruken i mange av hans verk er prega av varme og vare fargetonar og stor lyskraft, skildringane er gjerne både sjel- og temperamentsfulle.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hans Heyerdahl» frå , den 30. november 2014.
Norsk biografisk leksikon
Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Drammen Kategori:Målarar frå 1800-talet