For seksuell preferanse hjå menneske, sjå homofili og bifili. mini|To hannkjønna stokkender, Anas platyrhynchos Homofil åtferd hjå dyr er alle formar for homofil eller bifil åtferd hjå dyr, med unntak av menneske. Dette omfamnar seksuell aktivitet, frieri, godhug, partnarskap og barneoppseding mellom samkjønna dyr. Forsking tydar på at slik åtferd finst på tvers av heile dyreriket."Same-sex Behavior Seen In Nearly All Animals, Review Finds", Science Daily Innan 1999 var nesten 1 500 artar, frå primatar til insekt, observerte i samkjønna aktivitet; minst 500 av tilfella er godt dokumenterte.Bruce Bagemihl, Biological Exuberance: Animal Homosexuality and Natural Diversity, St. Martin's Press, 1999; ISBN 978-0312253776

Det finst likevel éin art der homofili er vanleg, nemleg i domestikert sau (Ovis aries).Animal Homosexuality: A Biosocial Perspective By Aldo Poiani, A. F. Dixson, Aldo Poiani, A. F. Dixson, s. 179, 2010, Cambridge University Press Kring 10% av vêr (hannsauer) nektar å pare seg med søyer (hosauer), men er snøgge med å pare seg med andre vêrar.

Den seksuelle åtferda hjå ikkje-menneskelege dyr tek mange former, ogso innanfor dei same artane, sjølv om homofili er vanlegast i sosiale artar. Motivasjonane for, og konsekvensen av, denne åtferda er ikkje godt forstått, og dei fleste artane er ikkje enno skildra.

Observasjonen av homofil åtferd hjå dyr kan nyttast som argument både for og mot homofili, og har mellom anna vore nytta som argument mot peccatum contra naturam («synd mot naturen»).

<div class="small">

Han føyer likevel til at det er «naudsynt å hugse på at dette er basert på menneskelege tolkingar av desse fenomena».Bagemihl, 1999, page 2

Å nytte omgrepet «homofil» om dyr Det engelske omgrepet homosexual vart skapt av Karl-Maria Kertbeny i 1868 for å skildra samkjønna seksuell tiltrekking hjå menneske. Omgrepet har same tyding som dei norske omgrepa «homofil» og «homoseksuell», medan det engelske omgrepet homophile skildrar ein person som aksepterer eller fremjar homofili. Bruken av desse omgrepa i dyrestudiar har vore kontroversiell av to grunnar: seksualiteten og motivasjonsfaktorane hjå dyr har vore—og er enno—dårleg forstått, og omgrepa har sterke kulturelle implikasjonar i vestlege samfunn, som er irrelevante for andre artar enn menneske. Av desse grunnane har ei rekkje omgrep vorte nytta gjennom åra. Omgrepa «homofil» og «homoseksuell» er føretrekte framfor «homo», «lesbisk» og så bortetter, fordi desse omgrepa har ei enno sterkare tilknyting til menneskeleg homofili. I Noreg nyttar ein oftast omgrepet «homofil» når ein skildrar eit menneske med tiltrekking til ein person av same kjønn, men «homoseksuell» er òg brukt.

Dyr sine preferansar og motivasjonar er alltid utleidd frå åtferd. Forskarar er ikkje i stand til å kartlegge heile livslaupet til eit dyr, og må difor trekke slutningar basert på frekvensen av enkeltobservasjonar.

Grunnlag Fysiologisk Det er usemje kring dei fysiologiske forklaringane for homofil åtferd hjå dyr. Fleire forskarar meiner at mengda av kjønnshormon, samt størrelsen på kjønnskjertlane, spelar ei direkte rolle for dei seksuelle åtferdene og preferansane hjå dyr. Andre hevdar at desse påstandane ikkje har hald, og at spesifikke dyr som utvisar homofili ikkje kan samanliknast med dei som ikkje gjer det. Begge desse vinklane har empirisk hald, mellom anna gjennom ei rekkje endokrinologiske studiar. Forskarar fann ingen ulikheitar i storleiken på kjønnskjertlane, og heller ikkje på mengda kjønnshormon, i utelukkande homofile kaliforniasvartbakar og ringnebbmåsar (i måsefamilien). Analysar av bifile vêr viste at dei hadde lågare nivå av testosteron og estradiol i blodet, samt mindre kjønnskjertlar, enn deira heterofile motpartar.

Vidare studiar av hormonverknadar viste at administreringa av testosteron og estradiol i heterofile dyr auka homofil åtferd. Auka nivå av kjønnshormon under svangerskap auka sannsynet for å få homofile avkom.

Genetisk Fucose mutarotase er eit gen i mus som styrer verknaden østrogen har på hjernen.Fucose mutarotase ved wikigenes.org Deaktivering av dette genet fekk hokjønna mus til å tru at dei hadde vakse opp som hannar. «Den genmodifiserte musa hadde ei lita utvikling i hjernen som minna om den hos hannane», sa professor Chankyu Park ved Korea Advanced Institute of Science and Technology. Nokre av hans siste studiar vart publiserte i BMC Genetics journal i 2010. Ein annan studie fann at ved å manipulera eit gen i bananfluger (Drosophila) kunne ein kalla fram homofil åtferd. I tillegg til homofili fann studien òg anna unormal åtferd som følgje av mutasjonen.

Nevrologisk Forsking frå mars 2012 viste at serotonin spelte ei rolle i seksuell orientering hjå mus. Ein studie av bananfluger viste at inhibisjon av nevrotransmitteren dopamin dempa laboratorie-indusert homofili.

Utvalde artar og grupper Fuglar

Svartsvaner left|thumb|To svaner, Cygnus atratus Kring éin firedel av paringa blant svartsvaner skjer i homofile hannar. Dei stel reir frå hoa, eller dannar ein mellombels trekant, for så å jaga vekk hoa etter at egga er lagd.Braithwaite, L. W., 'Ecological studies of the Black Swan III – Behaviour and social organization', Australian Wildlife Research 8, 1981: 134-146Braithwaite, L. W., 'The Black Swan', Australian Natural History 16, 1970: 375-379 Borna til samkjønna svaner har generelt betre levekår enn dei til tokjønna foreldre, noko som truleg skuldast betre territorialt forsvar. Det same fenomenet finst òg hjå hannflamingoar.Bagemihl 1999, pp. 487-491.

Måsar

Studiar har vist at 10—15% av hokjønna kaliforniasvartbakar utviser homofili i naturen.

Ibisar

Forsking har vist at miljøgifta metylkvikksølv kan auke førekomsten av homofil åtferd hjå hannkjønna kvitibisar (Eudocimus albus). I studien vart kyllingar eksponerte for varierande dosar av kjemikalien, og graden av homofili vart målt når dei var vaksne. Studien konkluderte med at auka dosering gav auka homofil åtferd. Kvikksølv si evne til å blokkere ulike funksjonar i det endokrine systemet er føreslått som ein mogleg årsak til seksuelle avbrot i andre fugleartar.

Stokkender thumb|To hannkjønna stokkender, Anas platyrhynchos Stokkender former tokjønna par inntil hoa har lagd egg, før hannen så forlét hoa. Førekomsten av samkjønna seksuell åtferd hjå stokkender er uvanleg høg til å vere fuglar, stundom opptil 19% av alle para i ein populasjon. Kees Moeliker, biolog ved Natural History Museum Rotterdam, observerte ei hannkjønna stokkand som engasjerte seg i homoseksuell nekrofili.

Pingvinar venstre|mini|Ein ringpingvin varmar borna sine Det at pingvinar deltek i homofil aktivitet har vore kjent sidan minst 1911. George Murray Levick dokumenterte denne åtferda hjå adeliepingvinar på Cape Adare, og skildra den som «forderva». Rapporten var så sjokkerande på denne tida at publiseringa vart utsett. Nokre få kopiar vart gjevne til private forskarar, og alle var omskrivne til gresk for å hindre vidspreiing. Rapporten dukka opp først etter eit hundreår, og vart publisert i Polar Record i juni 2012.ABC News, 10 June 2012

Tidleg i februar 2004 kunne New York Times rapportere at Roy og Silo, eit hannpar av ringpingvinar i Central Park Zoo i New York, hadde hatt ei vellukka ruging, klekking og oppseding av ein hokjønna pingvin. Fleire andre dyrehagar i New York har òg meldt om samkjønna par."Central Park Zoo's gay penguins ignite debate", San Francisco Chronicle, hosted at SFGate.com

Dyrehagar i Japan og Tyskland har også dokumentert homofili i hannpingvinar. Para lagar reir saman og finn steinar som dei kan ruge på. Forskarar ved Rikkyo University i Tokyo fann totalt 20 homofile par ved 16 store akvarier og dyrehagar i Japan.

Ved Bremerhaven Zoo i Tyskland prøvde dei å forbetra formeiring hjå truga humboldtpingvinar ved å importere hokjønna pingvingar frå Sverige, for så å skilje tre homofile hannpar, men dette var mislukka. Direktøren ved dyrehagen sa at forholdet mellom dei homofile para var «for sterkt». Fleire homofile i Tyskland protesterte mot separasjonen, og direktøren svara at «vi veit ikkje om dei tre para eigentleg var homofile, eller om det berre var eit resultat av mangel på hopingvinar…det er ingen her som ynskjer å skilje homofile par med makt».

Eit hannpar av magellanpingvinar ved San Francisco Zoo hadde delt hòle i seks år og oppseda ein surrogatkylling. Desse skilde lag etter at hannpingvinen i eit anna par døydde i ei hòle like ved, og hoa var på jakt etter ny make.

Buddy og Pedro, eit hannpar av kappingvinar, vart skilde med makt ved Toronto Zoo for å pare seg med hopingvinar. Sidan då har Buddy para seg med ein hopingvin.

Suki og Chupchikoni er to hokjønna kappingvinar som binda par ved Ramat Gan Safari i Israel. Dei hadde rekna med at Chupchikoni var ein hann, men dette vart avkrefta etter ei blodprøve.

I juni 2014 fekk humbholdtpingvinane Jumbs og Hurricane ved Wingham Wildlife Park internasjonal merksemd. Hannparet, som hadde vore saman i fleire år, hadde ei vellukka klekking og oppseding av eit forlate egg.

Gribbar mini|Gåsegribb, Gyps fulvus I 1998 gjekk dei to hannkjønna gåsegribbane Dashik og Yehuda, ved Jerusalem Biblical Zoo, saman, engasjerte seg i «open og energisk sex», og bygde eit reir. Paret fekk eit kunstig egg som dei veksla på å ruge. Etter 45 dagar gjekk personalet i dyrehagen inn og erstatta egget med ein kylling. Gribbane utførte ei vellukka barneoppseding. Nokre år seinare fekk Yehuda interesse for ein hogribb. Dashik fekk depresjonar som følgje av dette, og vart flytta til forskingsavdelinga ved Tel Aviv University, der òg han fant seg ein hogribb.

To homofile gribbar ved Allwetter Zoo i Münster bygde eit reir saman, men dei vart mobba av andre gribbar, og byggjematerialar frå reiret deira vart ofte stole. Dei vart etterkvart skilde med makt for å prøve å fremje paring, og ein av dei vart plassert med ein hogribb, trass protestar frå tyske homofiligrupper.

Duer Både hann- og hokjønna duer deltek i homofil åtferd. Forutan seksuell omgang vil samkjønna duer bygga reir, og hoer vil stundom legga ufræva egg som ho prøver å ruge.

Pattedyr venstre|mini|Ei labrador-tispe som prøver bedekka ei anna tispe. Amazonasdelfin Amazonasdelfinar eller botoar går stundom saman i grupper på 3—5 individ og deltek i gruppesex. Gruppene er danna av unge hanndelfinar og stundom ein eller to hodelfinar. Dei plar å unngå formeiring og nyttar snutar, halar og kjønnsorgan, utan omsyn til seksuell orientering.Bagemihl 1999, pp. 339-348. I fangenskap har ein observert homofil og heterofil penetrering av blåsehòla, eit hòl som er homologt til nasebòra hjå andre pattedyr, og er den einaste kjende arten i dyreriket der nasalsex førekjem.Sylvestre, J.-P. (Some Observations on Behavior of Two Orinoco Dolphins (Inia geoffrensis humboldtiaba [Pilleri and Gihr 1977]), in Captivity, at Duisburg Zoo. Aquatic mammals no 11, pp 58-65 article Hannane vil stundom ha samleie med hannkjønna brasildeltadelfinar, som er ei lita nise.

Amerikansk bison mini|Amerikansk bison er eit oksedyr og pattedyr som visar homofil åtferd. Kurtise, bedekking og analpenetrering mellom oksar er observert hjå amerikansk bison. På Okipafestivalen til mandanstamma, eit urfolk i Nord-Dakota, plar ein å avslutte festivalen med ei aping av denne åtferda for å «sikre at bøffelen kjem attende til neste sesong». Det er veldig vanleg at hokjønna kveg bedekker andre hoer. Åtferda er hormondriven og synkronisert med framveksten av estrus (fruktbar tid), særleg i nærleiken av oksar.

Dvergsjimpansar og andre aper mini|venstre|Dvergsjimpansar