Motiv i litteratur er tankar, inntrykk eller mønster som går igjen i éin tekst eller i ulike verk. Ei rekkje moment kan vera motiv, til dømes bilde, idear, opplevingar, situasjonar, figurar og typar, handlingsmønster og personkonstellasjoner. Eit motiv er konkret og kan finnast lett i ein tekst, til forskjell frå temaet eller hovudideen i teksten, som kan vera meir diffust.
Særskilde motiv kan vera utbreidde innan ein litterær sjanger eller periode. Nokre av dei kan verka som sjangerkjenneteikn, eller brukast til å klassifisera tekstar, til dømes ved å samla eventyr i motivgrupper.
Døme Motiv kan vera svært generelle, som «havet, dauden og kjærleiken», eller meir særeigne.
Nokre døme er:
Forgjengelegdom. «Ubi sunt» ('kvar er…') er eit kjent motiv frå mellomalderdikting som typisk tek for seg folk som no er døde, «snøen som fall i fjor» og liknande. «Carpe diem»-motivet er vanleg i litt seinare lyrikk og inneheld oppfordringar til å leva livet.
Foreldrelause. Barn som (tilsynelatande) ikkje har levande foreldre, men veks opp hjå fosterfamiliar. Dette motivet går att i gamle forteljingar som Remus og Romulus i romersk mytologi, Karna i Mahabharata og Moses i Egypt og i nyare verk som Jane Eyre, Frendelaus, Oliver Twist, Anne fra Bjørkely, Heidi, Jungelboka og Harry Potter.
Herskapshus. «Big house» er eit omgrep innan irsk litteratur, der særleg anglo-irske forfattarar brukte det som symbol på forfallet til samfunnsklassen sin. Herskapshuset er også eit motiv i verk som «The Fall of the House of Usher» av Edgar Allan Poe og Howards End av E.M. Forster.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Motiver på tværs af H.C. Andersens eventyr (andersen.sdu.dk) Gothic motifs (bl.uk)
Kategori:Litteraturvitskap