«Walk of Life» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits. Han kom ut på det bestseljande albumet deira, Brothers in Arms. Han vart sidan gjeven ut på konsertalbumet On the Night. Songen vart gjeven ut som singel i november 1985, men hadde først vore tilgjengeleg som B-sida til «So Far Away» som kom ut før Brothers in Arms. Singelen nådde sjuandeplassen på den amerikanske singellista og vart den første hitten deira i Storbritannia med ein andreplass der. Songen finst òg på to samleplater: Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits frå 1998 og The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations frå 2005.

Historie Songen vart nesten fjerna frå albumet då medprodusenten Neil Dorfsman meinte at han ikkje burde vere med, men resten av bandet ønskte å ha songen med.

Songen har ein enkel rock and roll-rytme med akkordendringar avgrensa til I-, IV- og V-akkordar. Den lange introduksjonen har ein særs gjenkjenneleg melodi spelt på synthesiser-orgel, noko som gjer han ein lett smak av Cajun-musikk. Songaren syng mellom anna «down in the tunnels, trying to make it pay», og refererer til gatesongarar som syng på undergrunnsstasjonar. Songane han spelar der er dei gamle slagarane, som «I Got a Woman», «Be-Bop-A-Lula», «What'd I Say», «My Sweet Lovin' Woman», og «Mack the Knife». Han spelar òg talking blues.

B-sider Songen vart sjølv gjeven ut som B-sida til den europeiske versjonen av «So Far Away», og hadde fleire B-sider i forskjellige land. Dei to songane som oftast vart nytta var eit konsertopptak av «Two Young Lovers», som tidlegare vart gjeven ut på EPen ExtendedancEPlay i 1983 og «One World», det åttande sporet frå Brothers in Arms. Ei dobbel vinylutgjeving kom ut i Storbritannia i 1985 i lag med gjennombrotssingelen til bandet, «Sultans of Swing», og konsertversjonar av «Two Young Lovers» og den sjeldnare songen «Eastbound Train», ein av dei første songane som Dire Straits spelte inn som demo, men som aldri vart gjeven ut på album eller singel.

Musikkvideo Musikkvideoen for songen som vart vist i Storbritannia syner ein gatemusikar som har på seg same T-skjorta som Mark Knopfler, innimellom klipp av bandet som spelar songen på scenen, medan den amerikanske versjonen av videoen inneheld mange sportstabbar innimellom klipp av bandet som spelar songen på scenen.

Innhald 7" singel «Walk of Life» – 4:07 «One World» – 3:36

12" singel «Walk of Life» – 4:07 «Why Worry» (instrumental) – 3:56 «One World» – 3:36

Lister

Vekeslister Liste (1985–1986)PlasseringAustralia (Kent Music Report)11Belgia (VRT Top 30 Flandern) 23Canada (CHUM). CHUM. Henta 20. oktober 2014.12Irland (IRMA)1Sør-Afrika (Springbok Radio)2US Billboard Adult Contemporary4US Billboard Hot 1007US Billboard Top Rock Tracks6US Cash Box. Cash Box magazine. Henta 20. oktober 2014.10

Årslister Liste (1985)PlasseringCanada (RPM Top 100 Singlar)79

Liste (1986)PlasseringAustralia (Kent Music Report)97Sør-Afrika (Springbok Radio)14US Billboard Hot 10049US Cash Box. Cash Box magazine. Henta 20. oktober 2014.92

Andre versjonar I 1986 spelte The Shadows ein instrumental versjon av songen på albumet Moonlight Shadows. I 2007 spelte countryartisten Shooter Jennings inn ein versjon for albumet The Wolf. Songen vart den første singelen frå albumet, men nådde ikkje country-lista i USA. Svensktoppsbandet Schytts spelte inn ein versjon med svensk tekst av Margot Borgström under tittelen «Livets gång», med eit arrangement svært likt det originale.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Walk of Life (Dire Straits song)» frå , den 20. november 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Dire Straits-songar Kategori:Songar skrivne av Mark Knopfler Kategori:Songar produserte av Mark Knopfler Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland