Ciarforon er ein 3 642 meter over havet høg fjelltopp i Graji-Alpane, på grensa mellom provinsane Aostadalen og Torino i Italia. Fjelltoppen, som på avstand er lett å kjenne grunna sin store snøkuppel, høyrer til Gran Paradiso-massivet.
Rundt toppen av Ciarforon breier isbreane Moncorvè (nord), Ciamousseretto (aust), Breuil (sør) og Monciair (vest) seg. Aust for Ciarforon reiser fjelltoppen La Tresenta (3 609 moh) seg, i vest fjelltoppen Becca di Monciair (3 544 moh).
Dei fleste toppturane på Ciarforon byrjar frå fjellhytta Rifugio Vittorio Emanuele (2 750 moh).
I 1871 var italienarane F. Vallino og A. Blanchetti dei fyrste menneska på toppen av Ciarforon.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ciarforon» frå , den 15. november 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia