Anatomiske retningsskildringar vert nytta for å skildra anatomien hjå dyr og menneske ved hjelp av anatomisk terminologi, og seier noko om korleis anatomiske strukturar ligg i høve til kvarandre. Dei er ikkje språkspesifikke og kan tydast av alle, med lita eller inga oversetjing.
Sjølv om skildringane er standardiserte innanfor bestemde biologiske fagområde, er det likevel uunngåelege og stundom dramatiske ulikskapar mellom enkelte disiplinar. Til dømes er dei terminologiske ulikskapane problematiske fordi terminologien er noko variert når den vert nytta om menneske, i forhold til når den vert nytta om andre zoologiske kategoriar.
Introduksjon
Standardiserte anatomiske og zoologiske retningsskildringar er vanlegvis basert på latinske og greske ord. Dei er laga for at biologar og anatomar skal kunne dele presis informasjon om dyrekroppar og organa deira, sjølv om nokre av omgrepa kan vera kontekstsensitive.
Virveldyr og kraniedyr (Craniata) deler ein monaleg arv og felles struktur, så mange av dei same omgrepa vert nytta for å skildra retning og plassering. For å unngå tvitydigheit er denne terminologien basert på anatomien til kvart dyr i vanleg forstand.
For menneske, som er ein form for virveldyr, kan anatomiske skildringar skilje seg frå dei som vert nytta om virveldyr. Ein grunn til dette er at menneske har ein annan nevroakse og — i motsetnad til firbeinte dyr — vert skildra i anatomisk utgangsstilling. Medan hovudet vert rekna for å vera på «toppen» hjå menneske så er det kanskje ryggen som vert rekna som «toppen» hjå ein hund.
Hjå virvellause dyr kan bruken av retningsskildring vere vanskeleg eller diskutabelt fordi dei morfologiske ulikskapane er så radikale at vanlege konsept ikkje lenger er homologe. Mange artar er ikkje bilateralt symmetriske. I desse artane er terminologien avhengig av symmetrien, viss det er nokon i det heile.
Anatomisk utgangsstilling
thumbnail|Ei stormanet av arten kompassmaneter. Tentaklane til denne maneta er i rørsle og er difor ikkje i anatomisk utgangsstilling. Då ville den proksimodistale aksen (her markert som proximodistal axis) vore rett, og den distale enden ville ikkje vore venstre- eller høgrestilt i forhold til hovudaksen.
Fordi dyr kan endra orientering med omsyn til miljøet, og fordi vedheng som lemmer og tentaklar kan endra posisjon med omsyn til hovudleikamen, må retningsskildrande omgrep visa til dyret i ein standardisert anatomisk utgangsstilling. Alle skildringar tek utgangspunkt i at organismen er i anatomisk utgangsstilling, til tross for at vedhenga er i ein annan posisjon. Dette er for å unngå forvirring i terminologien når ein visar til ein organisme i ulike positurar (stillingar).
Eit menneske i anatomisk utgangsstilling står oppreist med ansiktet framover, armane hengande ned og litt vekk frå kroppen, handflatene peikande framover og fingrane ut, beina saman og føtene framover. I veterinærmedisinen har dei ein veletablert universal terminologi som kan nyttast for alle virveldyr. Terminologien som vert nytta om menneske er likevel så godt etablert at den ikkje er verdt å endra.
Kombinerte omgrep Mange anatomiske omgrep kan kombinerast. Det er nyttig når ein skal skildra éin posisjon i to ulike aksar samstundes, eller når ein skildrar retningen av ei rørsle i høve til kroppen. «Anterolateral» skildrar ein posisjon som både er anterior og lateral til kroppsaksen, som til dømes hovudmengda av den store brystmuskelen (pectoralis major). I radiologi seier ein ofte at eit røntgenbilete er «anteroposteriort», som indikerer at røntgenstrålene passerer frå kjelda, går gjennom den fremre (anteriore) kroppsveggen, gjennom kroppen og ut gjennom den bakre (posteriore) kroppsveggen.Dorland's Medical Dictionary for Health Consumers. (2007) Saunders, Elsevier, Inc. Viss personen hadde snudd seg, kunne ein snudd på omgrepet slik at bilete hadde vorte «posteroanteriort». Slike bilete vert ofte merka med initialorda «AP» og «PA».
Det er inga klar grense for korleis omgrep kan modifiserast i ulike kombinasjonar. Vanlegvis vert attribusjonen avkorta, og det vert lagt til ein «o» for å prefiksera attribusjonen til neste ledd. Eit døme på ein slik kombinasjon er bruken av «dorsal» og «lateral» for å forma «dorsolateral». Viss ønskeleg kan tre eller fleire omgrep agglutinerast eller slåast saman, som til dømes «anteriodorsolateral». Før vart slike omgrep kopla saman med bindestrek, men den moderne tendensen plar å utelate bindestreken. Det er likevel ingen strenge reglar, og ein kan stort sett skriva og kombinera omgrep som ønska.
Anatomiske plan
Ein nyttar tre grunnleggjande referanseplan for å skildra plassering. Koronarplanet eller frontalplanet er orientert loddrett (vertikalt) og delar kroppen inn i ein fremre (anterior eller ventral) og ein bakre (posterior eller dorsal) del. Det er òg kjent som eit lengdeplan. I post-embryoniske (etter embryostadiet) menneske er koronarplanet og transversalplanet høvesvis vertikalt og horisontalt. I embryoar og kvadrupedar (firbeinte dyr) er koronarplanet og transversalplanet høvesvis horisontalt og vertikalt. Eit lengdeplan er eit plan som står perpendikulært (i normal) til transversalplanet. Koronar- og sagittalplana er døme på lengdeplan. Sagittalplanet er orientert loddrett, og står vinkelrett på koronarplanet slik at kroppen vert delt inn i ein høgre (dekster) og venstre (sinister) halvdel. Planet som deler kroppen inn i eksakte og bilateralt symmetriske halvdelar vert kalla midtsagittalplanet eller medialplanet. Medialplanet passerer gjennom hovudet, ryggmargen, navlen og halebeinet (eller halen i dyr). Sagittalplan som er venstre- eller høgrestilte for medialplanet vert kalla parasagittalplan. Planet er perpendikulært til bakken, og er dermed eit Y-Z-plan. Medialplanet kan nyttast for å skildra midtlinja i andre strukturar, som til dømes i ein finger. Transversal-, horisontal- eller aksialplanet deler kroppen i ein øvre (kranial) og nedre (kaudal = hale, som i halebeinet) del. Eit tranversalplan vert òg kalla eit tverrsnitt.
I menneskeanatomi Transversal- eller horisontalplanet er eit X-Y-plan som går parallelt med bakken, og delar det øvre (superiore) frå det nedre (inferiore) — det delar med andre ord hovudet frå føtna. Koronar- eller frontalplanet er eit X-Z-plan i normal til bakken, som delar det fremre (anteriore eller ventrale) frå det bakre (posteriore eller dorsale).
Aksar + Definerte aksar i virveldyr Akse Retningskildring; omgrep Retning Anteroposterior (rostrokaudal1,kraniokaudal1, kefalokaudal2) Anterior Hovudet Posterior Bakre kroppen, ryggmergen, halen Dorsoventral Dorsal Bakre kroppen, ryggmargen, halen Ventral Magen Venstre-høgre (dekstrosinister/sinistral2, sinistrodekster/dekstral2) Venstre (sinister) Venstre side Høgre (dekster) Høgre side Mediolateral3 Medial Midten, sentrum Lateral Venstre og høgre side Proksimal/distal Proksimal Der eit vedheng er festa til kroppen Distal Ytste delen (ekstremiteten) av eit vedheng Notat:(1) Frekvent brukt.(2) Sjeldan brukt.(3) Tilsvarar ein halvdel av venstre-høgre-aksen.(Omgrepa «intermediær», «ipsilateral», «kontralateral», «overflatisk», og «djup», er relative omgrep og kan ikkje grannsamt skildra ein anatomisk akse. Sjølv om «rostrokaudal» og «anteroposterior» har retningsmessig same funksjon i hovudmengda av kroppen, så kan dei skildra ulike retningar i andre delar av kroppen.
Ulike endar av organismen med motsette polar vert nytta. Etter definisjon er ein akse laga av to motsette polar. I bilateralt symmetriske organismar finst det 6 polpunkt som utgjer totalt tre aksar. Aksane kryssar kvarandre i rette vinklar. Dette gir aksane x, y og z, som er godt kjent frå tredimensjonal geometri.
Menneskeanatomi Sidan menneske er bilateralt symmetriske nyttar ein ofte dei same skildringane som for andre virveldyr og medlem av den taksonomiske gruppa Bilateria. Av historiske grunnar er likevel retningsomgrepa for menneske litt ulike frå dei som vert nytta om andre bilateralt symmetriske organismar.
Superior og inferior Dei mest openberre ytterpunkta hjå menneske er toppen og botnen av organismen, som i anatomisk utgangsstilling høvesvis er hovudet og føtene. Hovudet vert rekna som superiort (Latin superior: "over"), medan føtene vert rekna som inferiore (Latin inferior: "under").
Terminologien som vert nytta om virveldyr har ofte mange synonym. Omgrepa kranial og cefalisk vert ofte nytta for å visa til hovudskallen, og kranial er vanlegast. Omgrepet rostral er sjeldan nytta i menneskeanatomi med unntak av embryologi, der det visar til framsida av ansiktet heller enn det øvre aspektet av organismen. Dette omgrepet passar betre i organismar med lengre hovud, som til dømes hestedyr (Equidae). Likeleis vert omgrepet kaudal stundom nytta i menneskeanatomi. Når ein snakkar om kraniokaudal retning er det oftast berre hovudet og bolen ein skildrar, og lemmene er ikkje omfemna. I dei fleste dyrelemmar vert kranial og kaudal nytta for å skildra regionar som ligg proksimalt til (i nærleiken av) carpus (handleddet i underarmen) og tarsus (ankelen i bakbeinet). Strukturar og overflater som er i nærleiken av eller peikar mot hovudet er kraniale, medan dei som er distale (langt i frå) eller peikar vekk i frå hovudet er kaudale.
Retningsomgrepa superior og inferior kan ha relative og vekslande bruksområder, og dei kan ikkje alltid nyttast einskapleg om andre organismar med varierande anatomiske utgangsstillingar.
Anterior og posterior I menneske viser anterior til «framsida» av individet og er synonymt med ventral, med unntak av hovudet. Likeleis viser posterior til «baksida» av individet, og er synonymt med dorsal, òg her med unntak av hovudet. Når ein skildrar kroppen i sin heilskap nyttar ein stundom omgrepa «dorsal» og «ventral». Desse er likevel oftare nytta når ein viser til posisjonen til lemmene. Den anteroposteriore aksen er føretrekt når ein skildrar aksen som koplar den fremre og bakre kroppen hjå menneske.
«Anterior» og «posterior» kan òg skildra relative posisjonar. Augene ligg posteriort til nasa, men anteriort til baksida av hovudskallen.
Medial og lateral Lateral viser til sidene, som «venstre lateral» og «høgre lateral». Medial viser til midten. Venstre og høgre lateral er nytta på same måte som hjå andre ryggbeinsdyr, og viser til individets venstre og høgre side. Den mediolaterale aksen er nytta når ein skildrar ein akse som går sidevegs gjennom kroppen.
Proksimal og distal
Proksimal og distal skildrar strukturar som høvesvis ligg nært eller langt frå hovudmassen av kroppen, eller eit anna referansepunkt. Referansepunktet varierer, men det plar å vere det punktet der lemmene koplar til hovudkroppen, eller eit punkt som viser til opphavet til ein struktur. Den sida av ei tann som er lengst vekk frå midten av munnen, er den distale sida. Andre omgrep er likevel ofte nytta om lemmene, sidan dei har unike posisjonar hjå menneske."Distal" in The free Dictionary; Medline Plus, accessed 19 May 2014 Dei delane av meltingssystemet som ligg nærast munnen er proksimale, med dei som ligg nærast anus er distale.
Spesielle omgrep vert nytta for å skildre område i lemmene, som har festepunkt i bolen. Strukturar som ligg nærme festepunktet er «proksimale» eller «sentrale», medan dei som ligg lenger vekke er «distale» eller «perifere». Hendene er i den distale enden av armen, og skuldrene er i den proksimale enden; den proksimale enden av urinrøyret er kopla til urinblæra.
Volar (stundom nytta som eit synonym for «palmar») viser til undersida i både håndflatene og fotsolane.
Omgrepa valgus og varus skildrar angulasjon, vinkel, vriding eller krumming i dei distale delane av lemmer ved leddfestet. Når olbogeleddet står i anatomisk utgangspunkt skal over- og underarmen liggje langs ei bøygd line, og underarmen er angulert 5—10° lateralt, i forhold til overarmen. Underarmen er då i valgus. Angulasjonen til eit ledd kan vere normal (som i olbogen) eller abnorm.
Latinsk konvensjon