Rødbanken er eit monumental bygg i Tromsø sentrum, med adresse Storgata 65. Det vart opphavleg bygt for Tromsø Sparebank i åra 1910-1915. Bygget blir i dag brukt som hovudkontor for SpareBank 1 Nord-Norge. Namnet kjem av den karakteristiske raud-oransje fargen som bygget har hatt gjennom heile sii historie.

Bygninga, som vart teikna i 1909 av arkitekt Henrik Nissen i Kristiania, er i jugendstil, med preg av ny-louis-seize. Byggearbeida vart starta av entreprenør Theodor Amundsen i januar 1910. Det første byggetrinnet mot sør, som omfatta størsteparten av bygninga, sto ferdig i 1912, medan nordfløyen vart fullført i 1915.

I tillegg til Sparebankens lokale inneheldt bygget kommunale kontor, samt bibliotek, festsal og lokale for Frimurerlosjen og leseforeninga Athenæum. Tromsø bibliotek heldt til i bygninga frå 1915 heilt fram til 1973.

Bygninga var ei av de første murbygningane i Tromsø sentrum, og er oppført i pussa teglstein, levert av teglverket i Tromsdalen, over tre etasjar på ein høg granittsokkel, i tillegg til ein høg mansardetasje. Bygningen har fasadar i puss med sparsame stukkdetaljar. Han ligg vendt mot tre gater: Storgata, Fredrik Langes gate og Bankgata. Hovudfasaden mot Storgata har eit høgt midtparti krona med ein svungen gavl over hovudinngangen. Bygget har karakteristiske runde hjørne.

Litteratur N.A. Ytreberg: Tromsø bys historie (1946–71)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rødbanken» frå , den 11. november 2014.

Kategori:Byggverk i Tromsø