Søgne gamle kyrkje er ei langkyrkje i tre frå rundt 1640 i Kristiansand kommune, Agder. Ho tilhøyrer Søgne sokn, som er ein del av Mandal prosti i Den norske kyrkja. Ho er likevel ikkje lengre soknekyrkje, men nyttast til mellom anna bryllaup og dåp. Kyrkja er freda.Kulturminnesøk
Kyrkja er i panelt bindingsverk med 270 sitjeplassar. Skipet har rike vegg- og takdekorasjonar frå 1600-1700-talet.
Truleg har det vore ei kyrkje her tidlegare. Eit skiftebrev syner at det var prest og kyrkje på staden i 1344.
Søgne prestegjeld blei skipa i 1604, før kyrkja som står no vart reist.
1814 Kyrkja fungerte som valkyrkje i samband med vala til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Bak kyrkja blei det reist eit minnesmerke over Syvert Omundsson Eeg 17. mai 1914. Eeg representerte Søgne på riksforsamlinga.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Agderkultur om Søgne gamle kyrkje
Kategori:Kyrkjer i Kristiansand Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1640-åra Kategori:Kulturminne i Kristiansand Kategori:Kyrkjer i Kristiansand Domprosti Kategori:Kulturminnesok Kategori:Freda bygg i Agder Kategori:Valkyrkjer i 1814