Making Movies er det tredje studioalbumet til det britiske rockebandet Dire Straits. Det kom ut 17. oktober 1980 på Vertigo Records internasjonalt og på Warner Bros. Records i USA. «Romeo and Juliet» vart gjeven ut som singel frå albumet og nådde åttandeplassen på UK Singles Chart, den britiske singellista. Albumet nådde førsteplassen i Italia og Noreg, 19. plassen i USA og fjerdeplassen i Storbritannia. Making Movies selde til platina i USA, og dobbel-platina i Storbritannia.

Bakgrunn Etter Communiqué-turneen var over 21. desember 1979 i London, brukte Mark Knopfler første halvdelen av 1980 til å skrive songar for det neste albumet til Dire Straits. Han kontakta Jimmy Iovine etter å ha høyrt produksjonen hans på songen «Because the Night» av Patti Smith—ein song ho hadde skrive i lag med Bruce Springsteen. Iovine, som òg hadde arbeidd med Springsteen på Born to Run og Darkness on the Edge of Town, henta inn klaverspelaren Roy Bittan frå E Street Band for innspelinga av Making Movies. Utan Bittan hadde det ikkje vore mogeleg å oppnå «den filmaktige krafta og dei stemningsskapande landskapa».

Recording Making Movies vart spelt inn i Power Station i New York frå 20. juni til 25. august 1980. Jimmy Iovine og Mark Knopfler prpoduserte albumet.

David Knopfler forlét Dire Straits i august 1980 under innspelinga av albumet. Gitararbeidet hans for albumet var nesten ferdig, men vart spelt inn på ny av broren. David er med på videoar av «Solid Rock» og «Les Boys» på konsertar med bandet, men desse konsertane vart haldne før innspelinga.

Fire innspelingar vart ikkje nytta på albumet: «Making Movies», «Suicide Towers», «Twisting by the Pool» og «Sucker for Punishment». «Making Movies» og «Suicide Towers» finst på piratkopialbum. «Twisting by the Pool» vart gjeve ut på EP-plata ExtendedancEPlay den 10. januar 1983. Tittelen på albumet er henta frå den unytta songen, men er òg ei linje frå songen «Skateaway».

Utgjeving Making Movies kom ut 17. oktober 1980 på LP og kassett. Den originale CD-versjonen kom ut i 1984. Albumet vart mastra og gjeve ut på CD i lag med resten av Dire Straits-katalogen i 1996 internasjoanlt og i 2000 i USA.

Platemeldingar

I meldinga si for AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet fire og ei halv av fem stjerner, og skreiv at Making Movies «er av det beste bandet laga».

I meldinga si for Rolling Stone gav David Fricke albumet fire av fem stjerner og skreiv:

Rolling Stone rangerte Making Movies på 52. plass på lista si over dei 100 beste albuma frå 1980-åra. Albumet var det mestseljande albumet i Italia i 1981 med ein million selde eksemplar, og i Europa totalt 3,8 millionar eksemplar.

Innhald

Medverkande Dire Straits Mark Knopfler – vokal, gitar John Illsley – bass, vokal Pick Withers – trommer, vokal

Andre musikarar Roy Bittan – klaverinstrument Sid McGinnis – gitar (ikkje oppført)

Produksjon Jimmy Iovine – produsent Mark Knopfler – produsent Shelly Yakus – lydteknikar Jeff Hendrickson – assisterande lydteknikar Jon Mathias – assisterande lydteknikar Greg Calbi – mastering Neil Terk – plateomslag Brian Griffin – fotografi Bob Ludwig – remastering

Lister og salstrofé Album Albumet låg i alt 252 veker inne på UK Album Chart. I Australia var Making Movies det femte bestseljande albumet i 1981.

Liste (1980–81) Plassering Australia 6 Austerrike 15 Italia 1 Noreg 1 Sverige 4 UK Album Chart 4 US Billboard 200 19

Singlar År Song Hot 100 Hot Rock Tracks UK 1981 «Romeo and Juliet» – – 8 1981 «Expresso Love" – 39 – 1981 «Skateaway" 58 – 37 1981 «Tunnel of Love» – – 54 1981 «Solid Rock" – 56 –

Salstrofé

| align="left"| Frankrike (SNEP) | align="left"| gull (1981)

| align="left"| Tyskland (BVMI) | align="left"| gull (1981)

| align="left"| Storbritannia (BPI) | align="left"| 2× platina (5. august 1985)

| align="left"| USA (RIAA) | align="left"| platina (30. juli 2001) |

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Making Movies» frå , den 19. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Making Movies på Mark Knopfler si offisielle nettside

Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Album produserte av Jimmy Iovine Kategori:Album produserte av Mark Knopfler Kategori:Dire Straits-album Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Nummer-ein-album i Italia