MiSide var ei internett-satsing frå Fornyingsdepartementet. Målsetnaden var at kvar innbyggjar i Noreg skulle få ein sams nettportal for kontakt med offentlege styresmakter. MiSide vart lagt ned i 2012.

Målsetnad med MiSide Fornyingsdepartementet tok sikte på å lansera ein versjon av nettportalen MiSide i løpet av 2006, med ein fullstendig versjon seinare. Målsetnaden var å utvida MiSide frå berre å inkludere tenester frå statlege etatar til og å tilby kommunale tenester. Eit døme på dette kan vera elektronisk søknad om plass i barnehage. For det andre ynskjer departementet å utvida MiSide til også å verta ei felles trygg postkasse for personlege meldingar mellom kvar enkelt innbyggjar og offentlege verksemder. Ein vil til dømes kunna få svar på søknader, skatteoppgjeret og melding om at bilen må til periodisk kontroll – alt samla i same elektroniske postkasse.

Kjelder

Vil låne bort miside.no Artikkel i Vestnytt Fornyingsdepartementet får låna nettadressa miside.no Wikinytt Ny løsning for MinSide – Pressemelding frå Fornyingsdepartementet

Kategori:Internettenester Kategori:Nynorsk Kategori:Fornyingsdepartementet Kategori:Skipingar i 2006 Kategori:Nedleggingar i 2012