Jerusalem distrikt (hebraisk ; ) er eit av seks administrative distrikt i Israel. Det administrative senteret er Jerusalem. Jerusalem distrikt dekkjer eit areal på 652 km² og hadde 1 034 200 innbyggjarar i 2014. Av desse er 67,8 % jødiske og 30,6 % arabarar. Ein femtedel (21 %) av arabarane i Israel bur i Jerusalem distrikt, som omfattar både Aust- og Vest-Jerusalem.The Future of the Global Muslim Population

Dei fleste arabarane i Jerusalem distrikt er palestinarar, kvalifisert for statsborgarskap etter israelsk lov, men som etter eige val er ikkje-borgarar. Minoriteten er israelske arabarar som bur i Abu Ghosh, Beit Safafa og Aust-Jerusalem, der israelske arabarar har vore busett sidan seint i 1970-åra. Den ikkje-jødiske folkesetnaden er 28,3 % muslimar, 1,8 % kristne og 1,4 % ikkje klassifisert av religion.

Administrative inndelingar Byar Lokale kommunar Regionale kommunar Jerusalem Beit Shemesh Abu Ghosh Mevaseret Zion Kiryat Ye'arim Mateh Yehuda

Kommunen Jerusalem, inkludert Aust-Jerusalem og andre annekterte delar av Vestbreidda, utgjer 125 km² eller kring 19 % av Jerusalem distrikt i 2008.Statistical Yearbook 2012, Table I/2 - Area of the State of Israel, Jerusalem distrikt and the Municipal Area of Jerusalem and Selected Localities, 2008. Jerusalem Institute for Israel Studies

Sjå òg Jerusalem guvernement Byar i Israel Arabiske stader i Israel

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jerusalem District» frå , den 6. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

distrikt Kategori:Vestbreidda