Timnadalen er ein dal sør i Israel sørvest i Arabah, kring 30 km nord for Akababukta og byen Eilat. Området er rikt på koparmalm som har vore brote her sidan 4000-talet fvt. Det er omstridd om gruvene var i drift under Kongedømet Israel og den bibelske Kong Salomo.New findings show Timna mines to have been active mainly during the period of the early isralittiske kingdom (Tel Aviv universitet website, in hebraiske)

I store delar av dalen finne in restar etter koparbryting frå antikken, som i dag er ein del av ein fritidspark.

I juli 2011 godkjende israelske styresmakter å byggje den internasjonale flyplassen Timna lufthamn i Timnadalen.http://www.haaretz.com/news/features/construction-on-israel-s-new-international-airport-takes-off.premium-1.526442

Historie mini|venstre|Gruveinngang.

Koparbryting Det har vore brote kopar i området sidan minst 4000-talet fvt. Arkeologiske utgravingar indikerer at kopargruvene i Timnadalen truleg var ein del av kongedømet Edom og vart drivne av edomittarane, som i Bibelen er skildra som fiendar av israelittane, på 900-talet fvt. Ben-Yosef skriv at «Gruvene er definitivt frå perioden kring kong Salomo.» Gruvene vart drivne framover av israelittar og nabatearar gjennom den romersk perioden til 100-talet evt., og så av omajjadane frå ARabia etter den arabiske erobringa (600-talet evt.) fram til det vart mindre av koparmalmen.Timna Park Offisiell nettstad. Henta 5. oktober 2014.

Kopar nytta vart nytta til pynt, men meir viktig var det at det vart nytta innan steinskjering, som sager, i lag med sand.Ancient Egyptian copper slabbing saws. The article includes an extensive bibliography. ('Unforbidden Geology' a former GeoCities website)

Nyare utgravingar daterer kopargruvene til 900-talet fvt. og det er gjort funn av kamelbein, som kan indikere dei første teikna på temming av desse dyra i Israel eller til og med utafor Den arabiske halvøya, datert til kring 930 fvt. Dette vert sett på som bevis for at sogene om Abraham, Josef, Jakob og Esau vart skriven etter denne tida, sidan Bibelen ofte refererer til reisande med karavanar av tamme kamelar.

Moderne tid Den moderne staten Israel byrja kopardrift langs austkanten av dalen i 1955, men gav seg i 1976. Gruva vart opna att i 1980. Gruva vart kalla Timnah etter ein bibelsk høvding.

Geologiske formasjonar mini|venstre|Salomosøylene.

Timnadalen er kjend for nokre uvanlege formasjonar av stein og sand. Sjølv om sanden stort sett er raud, kan han vere gul, oransje, grå, mørkebrun eller svart, og nær kopargruvene kan han vere lysegrøn eller blå. Vatn- og vinderosjon har skapt fleire uvanlege formasjonar som berre finst i liknande klima.

Salomosøylene mini|Soppen. mini|venstre|Hoodoo i Timna Park.

Den mest kjende formasjonen i Timnadalen er Salomosøylene. Søylene er naturlege strukturar som er danna etter hundreår med vasserosjon ved at sandsteinen i klippene bryt laus og vert ei rekkje, søyleforma strukturar.

Den amerikanske arkeolog Nelson Glueck hevda i 1930-åra at søylene var knytt til kong Salomo og gav dei namnet Salomosøylene. Sjølv om han ikkje hadde støtte for hypotesen sin, vart namnet hengande ved.

Soppen mini|Bogane.

Soppen er ein uvanleg monolitt som er soppforma. Han består av raud sandstein i ein formasjon kalla ein hoodoo. Soppen er forma av vind, fukt og vasserosjon over lang tid.Frommer's Soppen er omgjeve av smeltediglar for koparmalm frå mellom 1300- og 1100-talet fvt.

Bogar Bogane er naturlege bogar danna av erosjon, og ligg langs dei vestlege klippene i dalen. Bogane er ikkje så sjeldne som Salomosøylene og Soppen, og liknande strukturar finst andre stader i verda.

Naturreservat I 2002 vart 42 kvadratkilometer av Timnadalen erklært eit naturreservat, og all gruvedrift i området opphøyrte. Gasellar og steinbukk finst framleis i området.

Timnadalen park Timnadalen park vart opna av Jewish National Fund for å dele funna til arkeologen Rothenberg med ålmenta, og det finst kring 20 forskjellige stiar og somme vegar i parken for vitjande. Parken omfattar eit fritidsområde med ein kunstig innsjø og eit 4D-film-show.See the Timna Park official website Parken vert nytta til friluftskonsertar og klatrekonkurransar.Image of the Timna copper snake and of the tabernacle stake holes

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Timna valley» frå , den 5. oktober 2014. oppgav desse kjeldene: J.M. Tebes, «A Land whose Stones are Iron, and out of whose Hills You can Dig Copper": The Exploitation and Circulation of Copper in the Iron Age Negev and Edom, DavarLogos 6/1 (2007)

Bakgrunnsstoff Bilete av Timnadalen Bilete av Salomosøylene

Kategori:Geografi i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Turisme i Israel Kategori:Naturreservat i Israel Kategori:Regionar i Israel Kategori:Verneområde i Det sørlege distriktet i Israel