Yatirskogen (hebraisk יער יתיר) er ein skog i Israel, i sørsida av Hebron-fjellet, i utkanten av Negevørkenen. Skogen dekkjer eit areal på 30 kvadratkilometer og er den største planta skogen i Israel.

Historie mini|venstre|Yatir-reservoaret Dei første trea vart planta i 1964 av Jewish National Fund etter initiativ frå Yosef Weitz. Skogen er kalla opp etter ein gammal levittisk by som låg her, Yatir, som det er nemnt i Gamletestamentet: «Etterkomarane av Aron, prestane, fekk desse byane: Hebron, fribyen for drapsmenn, med beitemarker, og Libna med beitemarker, Jattir og Esjtemoa med beitemarker» (Josva 21:13-14.http://www.bibel.no/Nettbibelen?query=KQfHFhrKM9emwlaEh/eJONW29WzY+cBSSN+eXSV8KLZGpi16xWO6kVbcecegPfGr).

mini|venstre|Plassering av Yatirskogen Det er planta over fire millionar tre, hovudsakleg bartre som aleppofuru og sypress, men òg lauvtre som terebint, tamarisk, jujube, johannesbrød, oliven, fiken, eukalyptus og akasie, i tillegg til vindruer og forskjellig kratt. Yatirskogen har endra det tørre landskapet nord i Negev, trass i at mange ekspertar var pessimistiske. Det har vist seg å vere eit viktig økologisk verkemiddel for å hindre ørkenspreiing i høgdene nordaust for Beersheba.

Skogen ligg relativt høgt, mellom 400 og 850 meter over havet, i ein halvtørr region med ein årsnormalnedbør på 300-350 mm.

Sjå òg Eshtaolskogen Jerusalemskogen Yatir vingard

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yatir Forest» frå , den 2. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Jewish National Fund Weizmann Institute's Yatir Forest Weizmann Institute study suggests that rising carbondioksid levels might cause forests to spread into dry environments

Kategori:Skogsøkologi Kategori:Skogar i Israel Kategori:Verneområde i Det sørlege distriktet i Israel