Ein Gedi (hebraisk עֵין גֶּדִי, arabisk عين جدي) er ein oase i Israel vest for Daudehavet, nær Masada og Qumrangrottene. Han er også kjend som ein arkeologisk funnstad og eit naturreservat. Kibbutzen Ein Gedi blei grunnlagd i nærleiken i 1954.

Ein Gedi er ein populær turistattraksjon, og i 2016 blei han lista opp somein av dei mest populære naturstadane å vitja i Israel.Israel nature spots draw 2 million visitors, Haaretz The site attracts about one million visitors a year.What Israel's nature reserves booking system reveals, Haaretz

Etymologi Namnet Ein Gedi består av dei to hebraiske orda ein, som tyder ‘kjelde’, og gdi som tyder ‘killing’. Namnet kan dermed tolkast som ‘kjelda til killingen’.

mini|venstre|«Det tørre vindauget» oppom Ein Gedi og Daudehavet i Israel. Historie Bibelsk tid mini|venstre|Mosaikk frå den gamle Ein Gedi-synagoga I Andre Krønikebok 20:2 vert han kalla Haseson-Tamar, der moabittane og ammonittane samla seg for å kjempe mot Josjafat. I Første Mosebok 14:7 vert Haseson-Tamar nemnd som ein amorittisk by, tatt av Kedor-Laomer i krigen hans mot byane på sletta.

I Josva 15:62 er Ein Gedi rekna blant byane i Juda-stammen i ørkenen Bet-Haaraba, men Esekiel 47:10 syner at han òg var ein fiskarby. Seinare gøymde kong David seg i ørkenen i Ein Gedi (Første Samuelsbok 24:1-2) og kong Saul «drog av stad for å leita etter David og mennene hans aust for Steinbukkhamrane» (Første Samuelsbok 24:3).

Høgsongen (1:14) talar om «Ein-Gedis vinmarker.»

Den jødiske byen Ein Gedi var ei viktig kjelde for balsam for den gresk-romerske verda før han vart øydelagd av den bysantinske keisaren Justinian som ein del av forfølgjinga hans av jødane. Mosaikk frå ei synagoge frå denne tida, inkludert ein judeisk-arameisk inskripsjon som åtvarar innbyggjarane mot «å avsløre løyndomen til byen» – kanskje metodar for å prøve å få tak i den verdifulle balsamharpiksen. I følgje the Miholjanec-segna hadde Stefan V av Ungarn føre teltet sitt ei gylden plate med inskripsjonen «Attila, somen av Bendeuci, barnebarnet av den store Nimrod, fødd i Ein Gedi: Ved Guds nåde konge av hunarane, mediarane, gotarane, dakiarane, verdas skrekk og Guds svøpe.»

I følgje den jødisk-romersk historikaren Josefus Flavius, skal Sicarii, som kjempa mot romarane til dei tapte og tok massesjølvmord i omleiringa av Masada, ha plyndra lokale landsbyar, inkludert En Gedi. Ved Ein Gedi dreiv dei ut forsvararane og tok livet av over sju hundre kvinner og barn som ikkje kunne kome seg unna.The Wars of the Jews, or History of the Destruction of Jerusalem, av Flavius Josefus, omsett av William Whiston, Project Gutenberg, bok IV, kapittel 7, paragraf 2.Flavius Josefus, De bello Judaico libri vii, B. Niese, Ed. J. BJ 4.7.2Ancient battle divides Israel as Masada 'myth' unravels; Was the siege really so heroic, asks Patrick Cockburn in Jerusalem, The Independent, 30. mars 1997

Moderne tid I april 1848 leia løytnant William Francis Lynch ein amerikansk ekspedisjon ned Jordanelva til Daudehavet, som stoppa ved Ein Gedi (Ain Jidy).

Ein Gedi naturreservat og nasjonalpark venstre|mini|To nubiske steinbukkar i Ein Gedi naturreservat. Ein Gedi naturreservat vart oppretta i 1971 og er eit av dei viktigaste reservata i Israel. Parken ligg heilt aust i Judeaørkenen, ved kysten av Daudehavet, og dekkjer eit område på 14 km².

Ein Gedi nasjonalpark består av fleire arkeologiske stader, som Det kalkolittisk tempelet i Ein Gedi og ein landsby frå det første hundreåret evt. Parken vart oppretta i 2002 og dekkjer 8 dekar.

Ein Gedi kibbutz

mini|upright|Den botaniske hagen i kibbutzen Ein Gedi. Ein Gedi kibbutz vart grunnlagd i 1956 og ligg kring ein kilometer frå oasen. Her er fleire turistattraksjonar, mellom anna ein kjend botanisk hage med over 900 planteartar frå heile verda.

Sjå òg Arkeologi i Israel Turisme i Israel Dyr i Israel

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ein Gedi» frå , den 1. oktober 2014. oppgav desse kjeldene: Hirschfeld, Y. (red.), Ein Gedi. ‘A Very Large Village of Jews (Hecht Museum, University of Haifa, 2006).

Bakgrunnsstoff

Virtual Tour of Ein Gedi - utsyn frå Ein Gedi Promenade Ein Gedi in the Dead Sea Map - Bird's-eye view in Flash The Israel Nature and Parks Authority - Site page Ein Gedi Travel Guide Pictures of Ein Gedi synagogue Ein Gedi mill, 1893 Survey of Western Palestine, Map 22: IAA, Wikimedia commons Photos of Ein Gedi synagogue at the Manar al-Athar photo archive Times of Israel - Nature of Ein Gedi - a Photo Essay

Kategori:Naturreservat i Israel Kategori:Nasjonalparkar i Israel Kategori:Stader i Bibelen Kategori:Oasar i Israel Kategori:Vasskjelder i Israel Kategori:Botaniske hagar i Israel Kategori:Verneområde i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Geografi i Det sørlege distriktet i Israel