Kishon (hebraisk נחל הקישון, arabisk Nahr el-Mokkat)Henderson, Rev Archibald D.D. (1893) Palestine. Its Historical Geography, with topographical index and maps.T&T Clark, Edinburgh. Second edition, revised. p.211Easton, M.G., M.A., D.D. (1893) Illustrated Bible Dictionary and Treasury of Biblical Historie, Biography, Geografi, Doctrine, and Literature With Numerous Illustrations and Important Chronological Tables and Maps. T. Nelson and Sons, London, Edinburgh and New York. p.411 er ei elv i Israel som flyt ut i Middelhavet ved byen Haifa.

Løp Kishon er 70 km og flyt året rundt. Ho spring ut i Gilboafjella og flyt vest-nordvestover gjennom Jezreeldalen, før ho munnar ut i Haifabukta i Middelhavet.

Historie Kishon er nemnt to gonger i Bibelen. Første kongeboka 8:40 nemner avrettinga av profetane frå Baal etter ordre frå Elias og i Domarane 5:21 vaskar Kishon bort den kanaanittiske hæren.

Etter slutten av første verdskrigen var det ein auke i talet på jødiske kolonistar i Palestina under den tredje Aliyah. Dei som kom til Haifa vart haldne i karantene i teltleirar ved munningen av Kishon. Mange vart infisert med malaria som området var frykta for.Duff, Douglas V. (1934) Sword for Hire. The Saga of a Modern Free-Companion. John Murray, London. 1. utg. s.118-120 Under Det britiske mandatet vart området industriområdet i Haifa med eit energiverk, jernbaneverkstad og eit oljeraffineri for Iraq Petroleum Company.Matson, G. Olaf (c.1946) The Palestine Guide including Trans-Jordan. Joshua Simon, Jerusalem. 5. utg. s.324 327

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kishon River» frå , den 30. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kishon elvetilsyn (hebraisk)

Kategori:Elvar i Israel Kategori:Elvar i Bibelen Kategori:Haifa Kategori:Geografi i Haifa distrikt