Blanka Vlašić () er ein kroatisk tidlegare friidrettsutøvar frå Split som tevla i høgdehopp. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2007 og i 2009, europameister 2010. Dessutan vann ho sølvmedaljen under Sommar-OL 2008 og i friidretts-VM i 2011. Ho fekk ein bronsemedalje under Sommar-OL 2016. Vlašić sine personlege rekord på 2,08 meter er frå 2009.
Aktiv Vlašić gjorde personbeste med 1,96 meter då ho i 2002 sigra ved junior-verdsmeisterskapen i Kingston på Jamaica. I 2003-sesongen forbetra ho seg til 1,98 m og så 1,99 m då ho i Paris for fyrste gong gjekk til topps i eit GL-stemne. Få dagar seinare seinare svinga ho seg over 2,00 meter i Zagreb. Den 15. august 2003 forbetra ho sin personlege rekord til 2,01 m i Zürich. 10. august 2004 sette ho kroatisk rekord i høgdehopp med 2,03 meter i Ljubljana, men stoppa på 1,89 m i Sommar-OL i Aten.
Etter svakare prestasjonar i 2005 smaug Vlašić seg over 2,05 m innandørs i Banska Bystrica vinteren 2006. Den 7. august 2007 tok ho seg 2,07 meter i Stockholm. Under verdsmeisterskapen i Osaka nokre veker etter vart ho verdsmeister med eit hopp på 2,05 m, og til sist vann ho IAAF-finalen i Stuttgart med sine 2,00 m. Også i OL-finalen 2008 hoppa Vlašić 2,05 m, det same som belgiske Tia Hellebaut som tok høgda i fyrste og sitt einaste forsøk, medan Vlašić måtte ha to forsøk. Ho forsvarte i 2009 verdsmeistertittelen då ho som den einaste klarte 2,04 m. 31. august 2009 prestertehttps://worldathletics.org/athletes/-/14263716 i Zagreb livsbeste 2,08 meter, einast verdsrekordhaldren, bulgarske Stefka Kostadinova, hadde då hoppa høgre. Vinteren 2010 hoppa Vlašić som best 2,06 m, om sommaren vart ho europameister i Barcelona ved å gå over 2,03 m. VM-finalen 2011 i Daegu presterte ho årsbeste 2,03 meter og tok sølvmedalje bak Anna Tsjitsjerova frå Russland som hoppa like høgt, ho i fyrste forsøk.
Etter skade makta Vlašić ikkje nå tidlegare høgder, likevel tok ho seg over 2 meter alle åra fram til 2015. Med årsbeste 2,01 m i VM-finalen 2015 sikra ho seg sølvmedaljen, dei russiske utøvarane Marija Kutsjina og Anna Tsjtsjerova hoppa like høgt og fekk høvesvis gull og bronse. Vlašić presterte årsbeste også under OL-finalen 2016 i Rio de Janeiro, her fekk ho bronsen i ei tevling der alle dei fire beste stoppa på 1,97 m. Ho la deretter opp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2001 i Edmonton: Nr 6 – 1,94 m EM 2002 i München: Nr 5 – 1,89 m VM 2003 i Paris: Nr 7 – 1,95 m OL 2004 i Aten: Nr 11 – 1,89 m EM 2006 i Göteborg: Nr 4 – 2,01 m VM 2007 i Osaka: Gullmedalje – 2,05 m, framom Anna Tsjitsjerova (2,03 m) OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje – 2,05 m, bakom Tia Hellebaut (2,05 m) VM 2009 i Berlin: Gullmedalje – 2,04 m EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje – 2,03 m, framom Emma Green (2,01 m) VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje – 2,03 m, bakom Anna Tsjitsjerova (2,03 m) VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 2,01 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronsemedalje – 1,97 m
Ymse Vlašić vart tildelt Bislett-medaljen i 2014.
Kjelder
World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Blanka Vlašić» frå , den 26. mai 2026.
Kategori:Kroatiske friidrettsutøvarar Kategori:Høgdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Europameistrar i friidrett Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kroatia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kroatia Kategori:Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Kroatiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen Kategori:Folk frå Split