Ole Stuevold Hansen () var ein norsk prest og lokalhistorikar.
Hansen var fødd på Vestre Stuevoll i Tydal, ei lita grend rett under Skardørene. I 1879 skreiv han Bygdefortællinger fra Tydalen, ei skildring der handlinga spelar seg ut i fjellskaret Skardøra inn ved grensa mot Sverige.
Etter først å ha teke lærareksamen ved Klæbu seminar, vart Hansen teologisk kandidat i 1870, skuleinspektør i Tromsø 1872 til 1874. Han var sokneprest i Lyngen 1874 til 1882 og sokneprest i Davik i Nordfjord 1882 til 1892, då han vart utnemnd til sokneprest i Nes i Hedmark. Her var han prest til 1911, då han fekk avskjed.
Hansen var far til juristen og politikaren Birger Stuevold-Hansen.
Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Tydal