Qarsita er ein landsby i dei høgaste fjella i Miniyeh-Danniyeh distrikt i Nord guvernement i Libanon. Byen har kring 5500 innbyggjarar.

Namnet på landsbyen kjem frå dei to arabiske orda «Qar» og «Sita» som tyder «kjend for kulde». Landsbyen er kjend for dyrking av pærer, eple og fersken.

Landsbyen ligg heilt nord i Libanon, og grensar til Sfira i nord, Beit El Faqs i vest, Nemrin i sør og dei vestlege Libanonfjella i aust.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Qarsita» frå , den 22. september 2014.

Kategori:Miniyeh-Danniyeh distrikt Kategori:Busetnader i Nord guvernement