Maryna Arzamasava () er ein kviterussisk friidrettsutøvar frå Minsk som tevla på mellomdistansane. Ho vart europameister på 800 meter i 2014, og tok bronse på same distansen under det førre EM i 2012. Ravilja Agletdinova Katovitsj var mor hennar.

Arzamasava hadde lite og inkje å vise til før 2012-sesongen. Under friidretts-EM i Helsingfors vart ho nummer tre på 800 m med tida 2.01,02, nøyaktig eit halvt sekund etter vinnaren, britiske Lynsey Sharp. To år seinare revansjerte Arzamasava seg ved EM i friidrett 2014 i Zürich. I finalen på 800 meter vann ho på ny personleg rekord, 1.58,15, Sharp kom i mål til sølvmedalje på 1.58,82.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maryna Arzamasava» frå , den 21. september 2014.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Belarusiske mellomdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Belarus Kategori:Europameistrar i friidrett for Belarus Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Folk frå Minsk