Ras Maska (òg kalla Ra's Maska eller Ras Masqa, arabisk رأس مسقا) er ein landsby i Koura distrikt i Nord guvernement i Libanon.
Geografi Landsbyen ligg i Koura distrikt på åsane oppom Middelhavet sør for Tripoli. Han er delt inn i ein nordleg og ein sørleg del. Den nordlege delen ligg nærast Tripoli og ligg 60 meter over havet. Her er majoriteten sunnimuslimar. Denne delen av landsbyen kan reknast som ein del av Stor-Tripoli.
Den sørlege delen av landsbyen er den høgastliggande, 200 meter over havet. Her er majoriteten kristne, mellom anna gresk-ortodokse og maronittar. Sør-Ras Maska er kjend for produksjonen av oliven.
Historie Ras Maska vart først nemnt i den osmanske folketeljinga i 1519. Han høyrte då til Nahiyat Koura / Anfeh og var busett av 14 vaksne menn, og 80% av desse hadde familie.Khalifeh, Issam (1995), Abhath Fi Tarikh Shamal Loubnan, Private Editor, Hadtoun, page 34.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ras Maska» frå , den 20. september 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Nord guvernement Kategori:Koura distrikt