Morh Kfarsghab (òg kalla Morh Kfar Sghab, Murh Kafarsghab eller Mrah Kfarseghab; arabisk مرح كفرصغاب) er ein landsby i Zgharta distrikt i Nord guvernement i Libanon.

Murh Kfarsghab er vinterbustaden til folket frå fjellandsbyen Kfarsghab. Det er ein typisk jordbrukslandsby nær Middelhavet.

Klima

Morh Kfarsghab er eit typisk middelhavsklima. Vintrane er milde, med moderat til kraftig nedbør, medan somrane er varme og tørre. Den høgaste middeltemperaturen er i august med 30 °C, medan den lågaste er 8 °C i januar. Om sommaren kan temperaturen nå 40 °C og om vinteren ned til 2 °C.Zgharta.com, henta 21. september 2014 Årsmiddelnedbøren er 810 mm.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Morh Kfarsghab» frå , den 21. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Nord guvernement Kategori:Zgharta distrikt