Monte Zebrù er eit 3 735 meter over havet høgt fjell i Ortleralpane, på grensa mellom provinsane Bolzano og Sondrio i Italia. Fjellet består av to toppar, nordvesttoppen er 11 meter høgre enn sørausttoppen (3 724 moh). Dei to toppunkta er i kring 400 meter frå einannan, mellom dei strekker seg ei for det meste skavldekt egg. Frå hovudtoppen går skarpe egger over mot dei høgste fjelltoppane i Ortleralpane, i sør Königspitze og i nord Ortler. Også desse eggene består av kvasse skavlar.
Toppen av Monte Zebrù vart nådd fyrste gongen den 29. september 1866. Fjellføraren Johann Pinggera frå Sulden var då i fylgje med den austerrikske-ungarske alpeforskaren og kartografen Julius Payer. Toppen er i dag rimeleg lett å nå frå Rifugio Quinto Alpini og eit ynda utsiktspunkt.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Monte Zebrù» frå , den 19. september 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia