Nord-Makedonia debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København i Danmark, med songen «Ti ne me poznavaš», framført på makedonsk av Marija og Viktorija. Nord-Makedonia har delteke i tevlinga elleve gongar; i perioden 2003 til 2011, 2013 og 2015. Bidraga vart valde gjennom den nasjonale finalen Junior Eurosong, arrangert av den makedonske kringkastaren Makedonska radio televizija. Sidan 2013 har bidraga vore valde internt av den makedonske kringkastaren.
Fram til og med 2018, heitte landet Republikken Makedonia, men i Junior Eurovision-samanheng gjekk landet under namnet F.Y.R. Macedonia, grunna namnetvisten med nabolandet Hellas.
Namnendring I februar 2019 endra landet namn frå "Republikken Makedonia" (Republika Makedonija) til "Republikken Nord-Makedonia" (Republika Severna Makedonija). Hellas hadde ikkje godtatt at landet hadde namnet "Makedonia" fordi Makedonia i Hellas er eit område nord i Hellas, og Hellas meinte at Makedonia er eit gresk namn. Som eit kompromiss vart republikken Makedonia i 1993 anerkjend av Dei sameinte nasjonane under namnet Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia (makedonsk Πоранешна Југословенска Република Македонија, Poranesjna Jugoslovenska Republika Makedonija). I 2019 inngjekk Hellas og Nord-Makedonia eit kompromiss som innebar at Hellas anerkjente landet mot at det tok namnet "Nord-Makedonia".
Bidraga i Junior Eurovision Song Contest År Artist Song Språk Poeng Plass 2003 Marija og Viktorija «Ti ne me poznavaš» Makedonsk 19 12 2004 Martina Siljanovska «Zabava» Makedonsk 64 7 2005 Denis Dimoski «Rodendeski baknež» Makedonsk 68 8 2006 Zana Aliu «Vljubena» Makedonsk 14 15 2007 Rosica Kulakova og Dimitar Stojmenovski «Ding ding dong» Makedonsk 111 5 2008 Bobi Andonov «Prati mi SMS» Makedonsk 93 5 2009 Sara Markovska «Za ljubovta» Makedonsk 31 12 2010 Anja Veterova «Eooo, Eooo» Makedonsk 38 12 2011 Dorijan Dlaka «Zimi ovoj frak» Makedonsk 31 12 2013 Barbara Popović «Ohrid i muzika» Makedonsk 19 12 2015 Ivana Petkovska og Magdalena Aleksovska «Pletenka» Makedonsk 26 17 2016 Martija Stanojkovikj «Love Will Lead Our Way» Makedonsk, engelsk 41 12 2017 Mina Blažev «Dancing Through Life» Makedonsk, engelsk 69 12 2018 Marija Spasovska «Doma» Makedonsk 99 12 2019 Mila Moskov «Fire» Makedonsk, engelsk 150 6 2021 Dajte muzika «Green Forces» Makedonsk, engelsk 114 9 2022 Lara med Jovan og Irina «Zjivotot e pred mene» Makedonsk og engelsk 54 14 2023 Tamara Grujeska
Røystehistorikk
+ Nord-Makedonia har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng 1 100 2 77 3 72 4 70 5 69
+ Nord-Makedonia har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng 1 66 2 51 3 46 4 43 5 39
Galleri
Sjå òg Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest
Fotnotar
Kjelder Nord-Makedonia i Junior Eurovision Song Contest
Denne artikkelen bygger på «Macedonia in the Junior Eurovision Song Contest» frå , den 17. september 2014.
Kategori:Land i Junior Eurovision Song Contest