Belarus debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København i Danmark, med songen «Tantsuj», framført på belarusisk av Volha Satsuik. Belarus er, saman med Nederland, dei einaste landa som har delteke i alle tevlingane i Junior Eurovision Song Contest. Bidraga vart valde gjennom ei nasjonal finale, arrangert av den belarusiske kringkastaren Belaruskaja Tele-Radio Campanija.

Belarus har, i likskap med Malta, vunne Junior Eurovision Song Contest to gongar. Fyrste gongen dei vann var i 2005, med songen «My vmeste», framført på russisk av Ksenija Sitnik. To år seinare, i 2007, vann dei med songen «S druzjami», framført på russisk av Aljaksej Zjyhalkovitsj.

Belarus har arrangert tevlinga to gongar, begge gongane i Minsk Arena i Minsk. Fyrste gongen var i 2010 og andre gongen var i 2018. Helena Meraai, som deltok i tevlinga i 2017, var ein av tre programleiarar i 2018. 20 land deltok i tevlinga, det høgste talet deltakande land i historia til tevlinga.

Bidraga i Junior Eurovision Song Contest År Artist Song Språk Poeng Plass 2003 Volha Satsiuk «Tantsuj» Belarusisk 103 4 2004 Jahor Voltsjak «Spjavajtse sa mnojo» Belarusisk 9 14 2005 Ksenija Sitnik «My vmeste» Russisk 149 1 2006 Andrej Kunets «Novyj den» Russisk 129 2 2007 Aljaksej Zjyhalkovitsj «S Druzjami» Russisk 137 1 2008 Dasja, Alina og Karyna «Serdtse Belarusi» Russisk 86 6 2009 Juryj Dzemidovitsj «Volsjebnyj krolik» Russisk 48 9 2010 Daniil Kazlow «Muzyki svet» Russisk 85 5 2011 Lidija Zablotskaja «Angely Dobra» Russisk 99 3 2012 Jahor Zjesjko «A more-more» Russisk 56 9 2013 Ilkja Volkaw «Poj so mnoj» Russisk 108 3 2014 Nadezjda Misjakova «Sokal» Belarusisk 71 7 2015 Ruslan Aslanaw «Volsjebstvo» Russisk og engelsk 105 4 2016 Aljaksandr Minjonak «Muzyka moikh pobed» Russisk 177 7 2017 Helena Meraai «Ja Samaja» Russisk 149 5 2018 Daniel Jastramski «Time» Russisk og engelsk 114 11 2019 Jelizaveta Misnikava «Pepelnyj» Russisk og engelsk 92 11 2020 Aryna Pekhtserava «Prisjeltsy» Russisk og engelsk 130 5

Røystgjeving

+ Belarus har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng 1 151 2 105 3 96 4 84 5 81

+ Belarus har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng 1 144 2 109 3 95 4 93 5 77

Galleri

Vertskap År Stad Arena Programleiarar 2010 Minsk Minsk-Arena Leila Ismailava og Denis Kourian 2018 Minsk Minsk-Arena Jevgenij Parlin, Zinaida Kupryjanovitsj og Helena Meraai

Sjå òg Belarus i Eurovision Song Contest

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Belarus in the Junior Eurovision Song Contest» frå , den 15. september 2014.

Kategori:Land i Junior Eurovision Song Contest