«Stuck in the Middle with You»Stealers Wheel sleeve image (stundom kalla «Stuck in the Middle»Amazon.com: Stealers Wheel: Music) er ein song skriven av Gerry Rafferty og Joe Egan og opphavleg framført av bandet deira Stealers Wheel. Songen vart inspirert av eit møte mellom plateselskapet og produsentane på ein restaurant, der dei diskuterte framtida til bandet, med Rafferty og Egan i midten.

Oversyn «Stuck in the Middle» vart gjeven ut på albumet Stealers Wheel i 1972.Gracenote: Album > Stealers Wheel - Stealers Wheel : Gerry Rafferty song solovokal, medan Joe Egan song harmoni. Songen vart opphavleg skriven som ein parodi av Bob Dylan sin særeigne tekststil og paranoia. Bandet var overraska over kor bra singelen gjorde det.Chilton, Martin, «Gerry Rafferty and his songs of alienation", Daily Telegraph, 5. januar 2011 Singelen selde over ein million kopiar og nådde til slutt sjetteplassen på singellista i USA i 1973, og åttandeplassen i Storbritannia. Songen var produsert av Jerry Leiber og Mike Stoller.Always Magic in the Air: The Bomp and Brilliance of the Brill Building Era (ISBN 9780670034567): Ken Emerson

Reservoir Dogs Songen vart nytta av Quentin Tarantino i debutfilmen hans Reservoir Dogs frå 1992, i ein scene der karakteren Mr. Blonde (spelt av Michael Madsen) håner og torturerer ein fastbunden politimann, medan han syng og dansar til songen. I eit intervju med Rolling Stone sa Tarantino

«Det var ein av dei tingene der eg meinte [songen] ville passe verkeleg bra og under prøvespelinga, sa eg til skodespelarane at eg ønskte at dei skulle gjere ein tortureringsscene og at eg skulle bruke 'Stuck in the Middle With You,' men dei kunne velje ein annan song om dei ønskte. Og eit par kom inn med ein annan song, men nesten alle kom inn med 'Stuck in the Middle With You,' og dei sa at dei prøvde å kome på andre songar, men dette var den som fungerte. Den første gongen nokon faktisk gjorde ein tortureringsscene til den songen, og fyren gjorde det ikkje ein gong bra, tenkte 'Å herregud, dette kjem til å bli fantastisk!'»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stuck in the Middle with You» frå , den 10. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Stealers Wheel-songar Kategori:Juice Newton-songar Kategori:Songar skrivne av Gerry Rafferty Kategori:Nitty Gritty Dirt Band-songar