Jaak Uudmäe () er ein estisk tidlegare friidrettsutøvar frå Tallinn. Han deltok i tresteghopp som representant for Sovjetunionen.
Aktiv Uudmäe tok to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i trestegtevlingane under europameisterskapane innandørs i tida 1977-80. Under sommar-OL i Moskva i 1980 satsa landslagskollegaen hans, Viktor Sanejev, på å vinne sitt fjerde strake OL-gull i tresteghopp. Finaledagen landa Sanejev på 17,24 m i sitt lengste hopp. Uudmäe gjorde då sitt livs lengste tresteghopp, målt til 17,35 m. Dermed vart han olympisk meister, medan Sanejev fekk sølv, med João Carlos de Oliveira frå Brasil på bronseplass.
Uudmäe vart estisk meister i tresteghopp fem gongar i tida 1976-88.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1980 i Moskva: Gullmedalje – 17,35 m, framom Viktor Sanejev (17,24 m)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jaak Uudmäe» frå , den 8. september 2014.
World Athletics
Kategori:Estiske friidrettsutøvarar Kategori:Sovjetiske tresteghopparar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Folk frå Tallinn