«And So It Goes» er ein ballade skriven av Billy Joel i 1983, men ikkje gjeven ut før seks år seinare. Han er den tiande og siste songen på albumet Storm Front. Den originale demoversjoenn frå 1983 vart gjeven ut i 2005 i plateboksen My Lives. Joel skreiv songen om eit mislukka forhold med modellen Elle Macpherson. Forholdet deira var dramatisk, sidan Macpherson berre var ein tenåring på den tida, medan Joel var i midten av 30-åra. Joel var saman med Macpherson ei kort stund før han møtte modellen Christie Brinkley, som etter kvart vart den andre kona hans. Musikkvideoen til songen er frå eit konsertopptak føre eit publikum.

Singelen nådde 37. plassen i USA på Billboard Hot 100 og femteplassen på Adult Contemporary-lista i 1990.

Songen vart nytta i ein episode av Boston Legal.

Andre versjonar Andre artistar og band som har spelt songen er Bernie Williams, Marianas Trench, Jori Chisholm, Carmen Rasmusen, Sara Gazarek, The King's Singers, David Archuleta, Kevin Wong, Jennifer Warnes, Tommy Emmanuel, Karrin Allyson, Mitchel Forman, Vokalensemblen Urkraft, Les Sirènes Female Chamber Choir og Emilia Martensson og Barry Green.

Lister Liste (1990)PlasseringCanada30JapanOricon Singles Chart Oricon Singles Chart (Henta 2 November 2012)12U.S. Billboard Hot 10037U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks5U.S. Billboard Hot 100 Airplay57

Kjelder Denne artikkelen bygger på «And So It Goes» frå , den 2. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1983 Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Songar skrivne av Billy Joel