«We Didn't Start the Fire» er ein song av Billy Joel frå albumet Storm Front i 1989. Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og nådde toppen av singellista i USA. Teksten består av korte allusjonar til meir enn 100 kjende hendingar mellom januar 1949 (fødeåret til Joel) og 1989.
Historie mini|Billy Joel opptrer i 1994. Joel fekk ideen til songen då han akkurat hadde runda 40 år. Han var i platestudio og møtte venen Sean Lennon, som nettopp hadde blitt 21 og sa «Det er ei frykteleg tid å bli 21 på!» Joel svarte «Ja, eg hugsar då eg var 21 – eg tenkte det var ei frykteleg tid og me hadde Vietnam, narkotikaproblem og borgarrettsproblem og alt verka fælt.» Lennon svarte «Ja, ja, ja, men det var annleis for deg. Du var eit barn av 50-åra og alle veit at ingenting skjedde i 50-åra.» Joel svarte, «Vent no litt, har du ikkje høyrt om Koreakrigen eller Suezkrisa?» Joel sa seinare at desse overskriftene danna grunnlaget for songen.Rolling Stone magazine - «Billy Joel Starts a Fire» av Sheila Rogers. Henta 1. september 2014.Billy Joel Q&A: Tell Us About 'We Didn't Start The Fire?' University of Oxford, May 5, 1994 - http://www.youtube.com/watch?v=Dx3T8pbDcms
Joel har sagt: «Eg er galen etter historie. Eg sluker bøker. Ein gong ønskte eg å bli historielærar». I følgje mora var han ein bokorm frå han var sju år gammal.Bordowitz, s. 168, 161, 9 I motsetnad til dei fleste av Joel sine songar, vart teksten skriven før melodien. Dette er opphavet til den noko uvanlege stilen til songen. Songen vart ein enorm salssuksess og den tredje singelen hans som nådde toppen av Billboard-lista. Han vart nominert til Grammyprisen for årets innspeling.
Joel har blanda kjensler for songen. «Han er eit mareritt å spele live, for om eg bommar på eitt ord, så sporar det av».Newman, Melinda «Joel Sees Pop Exit with Greatest Hits 3», Billboard, 26. juli 1997; sitert i Bordowitz, s. 169. Han har òg kalla han ein «novelty song» som ikkje «eigentleg definerer meg så godt som songane på albumet, som truleg ikkje blir spelt».Nadboy, Arie, «I am the Edu-Tainer», Island Ear, mars 1996; sitert av Bordowitz, s. 169
Blender rangerte «We Didn't Start the Fire» på 41. plass på lista si over dei 50 verste songane nokon gong, ei liste som òg inneheld songar av Paul McCartney og Simon & Garfunkel. Dei rekna produksjonen for bombastisk og sa at songen «minnar om ein tentamensstil skriven kvelden før han måtte leverast inn.»Aizlewood,John; Collis, Clark; et al. (April 1, 2009). Run for Your Life! It's the 50 Worst Songs Ever! Blender.com. Henta 1. september 2014. Sitert i . Henta 1. september 2014.
Folk og hendingar nemnde i songen
Følgjande namn og hendingar, med tekst sungen av Joel i utheva skrift, er lista opp i rekkjefølgja dei har i songen, som er neste heilt kronologisk.
1940-talet
1949 mini|Harry Truman held innsetjingstalen sin som president.
Harry Truman blei teken i eid som amerikansk president etter å ha blitt gjenvald etter å hatt ein delvis presidentperiode etter at Franklin D. Roosevelt døydde. Doris Day gav ut debutalbumet sitt You're My Thrill, og spelte i to storfilmar, My Dream is Yours og It's a Great Feeling. Red China. Folkerepublikken Kina blei etablert av det kinesiske kommunistpartiet, som vann den kinesiske borgarkrigen. Johnnie Ray, ein forløpar til rock and roll, signerte den fyrste kontrakten sin med Okeh Records. South Pacific, ein prisvinnande musikal, opna på Broadway. Walter Winchell, ein innverknadsrik journalist i radio og aviser, byrja å tala imot kommunisme som hovudtrugsmål mot USA. Joe DiMaggio skreiv kontrakt på 100 000 dollar med New York Yankees.
1950-talet
1950 mini|Marilyn Monroe i Asphalt Jungle.
Joe McCarthy, ein amerikansk senator, fekk nasjonal merksemd og byrja den anti-kommunistiske verksemda si med ein tale på Lincoln-dagen. Richard Nixon blei vald inn i det amerikanske senatet for fyrste gong. Studebaker, ein kjend bilmakar, byrja den økonomiske nedgangen sin. Television eller fjernsyn blei utbreidd i Nord-Amerika og Europa. North Korea eller Nord-Korea invaderte South Korea eller Sør-Korea, og Koreakrigen tok til. Marilyn Monroe spelte i fem filmar, mellom anna The Asphalt Jungle og All About Eve.
1951 mini|Rocky Marciano i 1953.
Rosenbergs, ekteparet Ethel og Julius, blei funne skuldige for spionasje og seinare avretta. H-Bomb. Utvikling av hydrogenbomber byrja i USA. Sugar Ray Robinson sigra over Jake LaMotta i boksekampen kjend som «St. Valentine's Day Massacr». Panmunjom, ein grenselandsby i Korea, husa samtalar om våpenkvile mellom partane i Koreakrigen. Marlon Brando blei nominert til oscarprisen for the Academy Award for Best Actor for rolla si i A Streetcar Named Desire. The King and I, ein musikal av Rodgers and Hammerstein, opna på Broadway. The Catcher in the Rye, ein kontroversiell roman av J.D. Salinger, kom ut.
1952
Dwight D. Eisenhower vann presidentvalet med ein stor majoritet. Vaccine. Ein poliovaksine blei utvikla av Jonas Salk. England's got a new queen: Prinsesse Elizabeth blei britisk dronning som Elizabeth II, og blei krona året etter. Rocky Marciano sigra over Jersey Joe Walcott og blei verdsmeister i tungvektsboksing. Liberace byrja senda The Liberace Show. George Santayana, ein filosof og forfattar, døydde.
1953 Joseph Stalin, leiaren av Sovjetunionen, døydde. Georgij Malenkov etterfølgde Stalin i seks månader. Gamal Abdel Nasser var den verkelege makta bak den nye staten Egypt som innanriksminister for Muhammad Naguib. Sergei Prokofiev, ein kjend russisk komponist, døydde. Winthrop Rockefeller hadde ei mykje omtalt skilsmisse i 1953, men Nelson Rockefeller og John D. Rockefeller III blei også omtalt i media det året. Billy Joel sjølv har sagt 18:50 i podcasten. at han meinte Nelson Rockefeller, særleg i samband med rolla hans som delstatsguvernør for New York. Men Nelson var guvernør frå 1959 til 1973, medan alle dei andre tinga som er nemnde i dette verset fann stad i 1953. Roy Campanella, ein baseballspelar for Brooklyn Dodgers, vann National League sin Most Valuable Player-pris for andre gong. Communist Bloc: Den aust-tyske oppreisten i 1953 blei knust av Volkspolizei og Die Gruppe der Sowjetischen Streitkräfte in Deutschland, GSSD.
mini|Bill Haley på 1950-talet. 1954 Roy Cohn trekte seg som hovudadvokat for Joseph McCarthy for å driva sin eigen private praksis. Juan Perón var på høgda av makta si som president av Argentina før kuppet året etter. Arturo Toscanini var på høgda av kjennskapen sin som dirigent, og dirigerte jamleg NBC Symphony Orchestra på nasjonal radio i USA. Dacron eller polyetylentereftalat (PET) var eit tidleg kunststoff laga av same plastikk som polyester. Dien Bien Phu falls for Việt Minh, og Nord-Vietnam og Sør-Vietnam blei oppretta som separate statar. Rock Around the Clock var ein hitsingel gjeven ut av Bill Haley & His Comets.
1955 mini|Frå Broadway-framsyninga av Peter Pan. Albert Einstein døydde 76 år gammal. James Dean fekk suksess med East of Eden og Rebel Without a Cause, men døydde i ei bilulukke berre 24 år gammal. Brooklyn's got a winning team: Brooklyn Dodgers vann sin fyrste og einaste World Series før laget flytta til Los Angeles. Davy Crockett: King of the Wild Frontier, ei redigert samling av ein miniserie om Davy Crockett, blei gjeven ut av Disney. Peter Pan, som nyleg var filmatisert av Disney som ein heilaftans teiknefilm, blei også gjort om til ein musikal på scenen med Mary Martin i hovudrolla. Musikalen blei kringkasta direkte på NBC i fargar. Dette var den fyrste Broadway-musikalen som blei gjort direkte om til ein tv-film. Elvis Presley skreiv kontrakt med RCA Records, og blei etterkvart kjend som «kongen av rock'n'roll.» Disneyland opna som den fyrste fornøyelsesparken til Walt Disney.
1956 Brigitte Bardot spelte i Og Gud skapte kvinnen, filmen som etablerte henne internasjonalt som eit fransk sex-symbol. Budapest var åstad for ein oppreist mot dei sovjetiske okkupantane som blei slått ned. Alabama var åstad for bussboikotten i Montgomery, ei av dei viktige hendingane i den amerikanske borgarrettsrørsla. Nikita Khrushchev held ein tale ved partikongressen til kommunistpartiet som kritiserte personkulten kring Stalin. Princess Grace Kelly spelte i den siste filmen sin High Society og gifta seg med prins Rainier III av Monaco. Peyton Place, ein bestseljande og skandaløs roman av Grace Metalious, kom ut. Trouble in the Suez: Det oppstod ei internasjonal krise då Egypt nasjonaliserte Suezkanalen.
1957 mini|Soldatar eskorterer afroamerikanske elevar til skulen i Little Rock. Little Rock i Arkansas var åstad for ein konflikt mellom guvernør Orval Faubus og president Eisenhower om ni elevar, «Little Rock Nine», skulle få studera ved ein vidaregårande skule som tidlegare berre hadde vore for kvite. Boris Pasternak, den russiske forfattaren, gav ut romanen Dr. Zhivago. Mickey Mantle var i midten av karrieren sin som ein kjend New York Yankees-spelar og American League All-Star det sjette året på rad. Jack Kerouac gav ut romanen On the Road, eit skilsetjande verk for beat-generasjonen. Sputnik blei skoten opp av Sovjetunionen som den fyrste kunstige satellitten, noko som markerte byrjinga på romkappløpet. Zhou Enlai, den kinesiske statsministeren, overlevde eit drapsforsøk. The Bridge on the River Kwai kom ut, og vann sju oscarprisar, blant anna beste film.
1958 Lebanon gjekk inn i ei politisk og religiøs krise som etterkvart førte til amerikansk innblanding. Charles de Gaulle blei vald som den fyrste presidenten av den femte franske republikken etter Algerie-krisa. California baseball byrja då Brooklyn Dodgers og New York Giants flytta til høvesvis Los Angeles og San Francisco. Starkweather homicide: Charles Starkweather drap elleve menneske, dei fleste i Lincoln i Nebraska. Children of Thalidomide: Mange kvinner som hadde teke medisinen thalidomid i svangerskapet fekk barn med medfødde misdanningar.
1959 mini|Fidel Castro kjem inn i Havana. Buddy Holly døydde i ei flyulukke i lag med Ritchie Valens og The Big Bopper. Joel innleier linja med den kjende Holly-vokalsignaturen: «Uh-huh, uh-huh.» Ben-Hur med Charlton Heston i hovudrolla vann elleve oscarprisar, blant anna beste film. Space Monkey: Ein rhesusape og ein dødninghovudape blei dei fyrste to dyra sende opp til rommet av NASA og overleva. Mafia-leiarar blei funne skuldige i Apalachin-møte-rettssaka, som slo fast av det var ein nasjonal konspirasjon. Hula hoops eller rockeringar oppnådde salstal på 100 millionar på berre to år som den siste leikedilla. Fidel Castro tok makta på Cuba. Edsel is a no-go: Produksjonen av dette mykje reklameomtalte bilmerket enda etter berre tre år på grunn av dårlege salstal.
1960-talet
1960 U-2, eit amerikansk spionfly floge av CIA-piloten Francis Gary Powers, blei skote ned over Sovjetunionen. Syngman Rhee blei redda av CIA etter å ha blitt tvinga til å gå av som leiar for Sør-Korea. Payola, ulovlege betalingar for radiospel av songar, blei gjort kjend gjennom vitnesbyrd av Dick Clark til Kongressen og den offentlege vanæra til Alan Freed. John F. Kennedy, ein senator frå Massachusetts, vann over visepresident Richard Nixon i presidentvalet i USA. Chubby Checker gjorde dansen The Twist kjend gjennom coverversjonen sin av songen med same namn. Psycho, ein thriller av Alfred Hitchcock, blei ein milepåle for grafisk vald og sensasjonalisme i film. Belgians in the Congo: Republikken Kongo (Léopoldville) erklærte sjølvstende frå Belgia.
mini|Adolf Eichmann får dødsdom i rettssaka si. 1961 Ernest Hemingway døydde av sjølvmord etter ein lang kamp mot depresjon. Adolf Eichmann, ein nazist ettersøkt for krigsbrotsverk, blei funnen skuldig i Israel for brotsverk mot menneskja under andre verdskrigen. Stranger in a Strange Land, ein science fiction-roman av Robert A. Heinlein, blei ein bestseljar med tema som seksuell fridom og frigjering.