«Pressure» er ein synthesizer-driven song av Billy Joel frå albumet The Nylon Curtain i 1982. Songen vart gjeven ut som singel og handlar om presset med å skape noko og presset med å vere ein som skal levere.

Singelversjonen er kortare enn albumversjonen. Det tredje verset og det andre mellomspelet er fjerna. Denne versjonen av songen vart gjeven ut på den originale utgåva av Greatest Hits I & II, medan den fulle albumversjonen var med på seinare utgåver, i tilelgg til Complete Hits Collection i 1997.

Det vart laga ein musikkvideo for songen. Eit repeterande motiv i songen er vatn. Videoen vart regissert av Russell Mulcahy og vart første gongen send på MTV den 9. september 1982. Fleire scenar i videoen refererer til filmar som A Clockwork Orange og Poltergeist.

Lister Liste (1982)PlasseringAustralia16Canada9Japan 78New Zealand24U.S. Billboard Hot 10020U.S. Billboard Top Rock Tracks8

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pressure (Billy Joel song)» frå , den 30. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Songar skrivne av Billy Joel Kategori:Musiikkvideoar regisserte av Russell Mulcahy Kategori:Songar produserte av Phil Ramone