Albrecht Otto Johannes Unsöld () var ein tysk astrofysikar.

Han vart professor i Kiel i 1932. Han arbeidde med teorien for stjernespekter, stjerneatmosfærer, solfysikk og radioastronomi. Hans Physik der Sternatmosphären (1938, 2. utg. 1955) var i mange år den viktigaste handboka for alle som arbeidde med dei ytre, observerbare delane av sola og stjernene. Mykje utbreidd er òg Der neue Kosmos (3. utg. 1981, 3. eng. utg. 1983).

Han fekk i 1956 Brucemedaljen og i 1967 gullmedaljen til Royal Astronomical Society. Asteroiden 2842 Unsöld er kalla opp etter han.

Kjelder Albrecht Otto Johannes Unsöld. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014.

Kategori:Tyske astrofysikarar Kategori:Tyske astronomar Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Royal Astronomical Society sin gullmedalje Kategori:Folk frå Heidenheim