Teresa Barbara Ciepły, fødd Teresa Wieczorek, () var ein polsk friidrettsutøvar frå Brodnia som tevla i ulike sprintøvingar. Ho vann OL-gull i 1964 med Polen sitt lag på 4x100 meter stafett og vart europameister i 80 meter hekk i 1962.
Aktiv Ciepły var ein av dei beste kvinnelege sprintarane i verda i i byrjinga av 1960-åra. Ho deltok for Polen i 4x100 m stafett under sommar-OL 1960 i Roma, og vart løna med ein bronsemedalje.
To år seinare vann ho to gullmedaljar i europameisterskapen i Beograd, fyrst i 80 meter hekkeløp og seinare i 4x100 meter stafett. I tillegg tok ho ein tredje medalje då ho sikra seg bronsen på 100 meter, bakom europameisteren Dorothy Hyman frå Storbritannia og vesttyske Jutta Heine.
Under sommarleikane 1964 i Tokyo vart Ciepły olympisk meister i 4x100 m stafett, saman med Irena Kirszenstein, Halina Górecka og Ewa Kłobukowska. I 80 m hekk vann ho sølvmedaljen på same tida, 10,5 sekundar, som olympiameisteren Karin Balzer frå Aust-Tyskland.
Ho var gift med sleggjekastaren Olgierd Ciepły.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Teresa Ciepły» frå , den 27. august 2014.
World Athletics
Kategori:Polske friidrettsutøvarar Kategori:Polske hekkeløparar Kategori:Polske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Polen Kategori:Olympiske meistrar for Polen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Polen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Polen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964