Wazoo er eit konsertalbum av Frank Zappa, posthumt gjeve ut 30. oktober 2007.
Det er eit dobbeltalbum som består av ein heil konsert framført av det 20 mann store storbandet «The Mothers of Invention/Hot Rats/Grand Wazoo» den 24. september 1972 ved the Music Hall i Boston i Massachusetts i USA.
Det er den siste konserten i ei rekkje konsertar som Zappa heldt etter han kom attende etter ei ulukke, då han vart angripen på scenen og fall ned og vart hardt skadd på Rainbow Theater i London på 10. desember 1971.
Songane syner den meir jazz-baserte musikken til Zappa og mange av songane finst på studioalbuma The Grand Wazoo og Waka/Jawaka i 1972, og studioalbumet Studio Tan frå 1978. Øvingane som førte til desse albuma og konsertane er dokumentert på Joe's Domage (2004), medan Imaginary Diseases (2006) syner ei nedstrippa utgåve av storbandet kalla «Petite Wazoo».
Wazoo er den tredje plata til Vaulternative Records med komplette Zappa-konsertar etter FZ:OZ (2002) og Buffalo (2007).
Innhald
Musikarar
The Mothers of Invention / Hot Rats / Grand Wazoo:
Frank Zappa – gitar Tony Duran – slidegitar Ian Underwood – piano og synthesizer Dave Parlato – bass Jerry Kessler – elektrisk cello Jim Gordon – trommer Mike Altshul – pikkolo, bassklarinett og andre blåseinstrument Jay Migliori – fløyte, tenorsaksofon og andre blåseinstrument Earl Dulmer – obo, kontrabass sarrusofon og andre blåseinstrument Ray Reed – klarinett, tenorsaksofon og andre blåseinstrument Charles Owens – sopransaksofon, altsaksofon og andre blåseinstrument Joann McNab – basoon Malcolm McNab – trompet i D Sal Marquez – trompet i B Tom Malone – trompet i B, òg tuba Glenn Ferris – trombone og eufonium Kenny Shroyer – trombone og barytonhorn Bruce Fowler – trombone i den øvre atmosfæren Tom Raney – vibrafon og elektrisk perkusjon Ruth Underwood – marimba og elektrisk perkusjon
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wazoo (album)» frå , den 25. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Frank Zappa-konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 2007