Joe's Corsage er eit samlealbum av Frank Zappa med The Mothers of Invention med songar spelt inn i midten av 1960-åra, før dei spelte inn debutalbumet Freak Out! (1966). Albumet vart sett saman av arkivaren Joe Travers og tittelen er eit ordspel på albumet Joe's Garage frå 1979.
Fleire av songane på Joe's Corsage er demoversjonar av songar som seinare kom ut på Freak Out!. Dei første av desse demoane, truleg spelt inn i 1965, har med Henry Vestine på gitar, som seinare vart medlem av Canned Heat. Her finst òg coverversjonar av the Righteous Brothers sin «My Babe» og Marvin Gaye sin «Hitch Hike».
Innhald
Medverkande Frank Zappa – gitar, vokal Ray Collins – vokal, tamburin, munnspel (spor 6–8) Henry Vestine (spor 2–5) – gitar Roy Estrada – bassgitar Jimmy Carl Black – trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Joe's Corsage» frå , den 25. august 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekstar og detaljar Joe's Corsage på zappa.com
Kategori:Frank Zappa-samlealbum Kategori:The Mothers of Invention-album Kategori:Samlealbum frå 2004