The Yellow Shark er eit album med orkestermusikk av Frank Zappa, gjeve ut i 1993. Det består av konsertopptak frå Ensemble Modern sine framføringar av Zappa sine komposisjonar i 1992. Dette var det siste albumet Zappa gav ut før han døydde. I teksten til omslaget skriv Zappa at The Yellow Shark var eit av dei mest givande prosjekta i karrieren hans og den beste representasjonen av orkestermusikken hans.

Songaren Tom Waits har omtalt albumet som eit av favorittalbuma sine og sa: «Ensemblet er overveldande. Det er ei rik førestilling av tekstur i farge. Det er klårheit i hans perfekte galskap og meistring. Frank styrer med Elmore James til venstre og Stravinsky til høgre. Frank regjerer og herskar med dei merkelegaste verktøya».

Historie

I 1991 vart Zappa vald ut som ein av fire komponistar ved Frankfurt Festival i 1992 (dei andre var John Cage, Karlheinz Stockhausen og Alexander Knaifel). Zappa vart kontakt av det tyske kammerensemblet Ensemble Modern, som var interessert i å spele musikken hans for denne festivalen. Sjølv om han var sjuk, inviterte Zappa dei til Los Angeles for øvingar av nye komposisjonar og nye arrangement av eldre materiale.Miles, 2004, Frank Zappa, s. 369. I tillegg til at han var nøgd med framføringa av musikken, gjekk Zappa òg godt overiens med musikarane og konsertar i Tyskland og Austerrike vart sett opp på hausten. Koreografen Édouard Lock og kompaniet hans La La La Human Steps var ein del av showet. I september 1992 gjekk konsertane som planlagt, men Zappa kunne berre møte på to av dei i Frankfurt, på grunn av sjukdom. På den første konserten dirigerte han opninga «Overture» og den siste «G-Spot Tornado», i tillegg til den teatralske «Food Gathering in Post-Industrial America, 1992» og «Welcome to the USA». Resten av programmet vart dirigert av den faste dirigenten til ensemblet, Peter Rundel. Zappa fekk ein 20 minuttar ståande ovasjon etter konserten.Miles, 2004, Frank Zappa, s. 371. Dette var siste gongen han viste seg offentleg, sidan kreften spreidde seg så mykje at smertene vart for store til at han kunne nyte det som elles ville ha vore «oppmuntrande». Innspelingane frå konsertane finst på The Yellow Shark, det siste albumet Zappa gav ut medan han levde.

Det posthume albumet Everything Is Healing Nicely, frå 1999, inneheld fleire innspelingar frå den same tida, gjort i førebuinga av opptaka som finst på The Yellow Shark.

Innhald

Medverkande Musikarar Frank Zappa – dirigent, produsent Peter Rundel – dirigent, fiolin Dietmar Wiesner – fløyte Catherine Milliken – obo, engelsk horn, bassobo, didjeridu Roland Diry – klarinett Wolfgang Stryi – bassklarinett, tenorsaksofon, kontrabassklarinett Veit Scholz – fagott, kontrafagott Franck Ollu, Stefan Dohr – valthorn William Formann, Michael Gross – kornett, flygelhorn, pikkolotrompet, trompet Uwe Dierksen – trombone, soprantrombone Michael Svoboda – trombone, eufonium, didjeridu, alphorn Daryl Smith – tuba Herman Kretzschmar – celesta, cembalo, stemmer, piano Ueli Wiget – celesta, cembalo, harpe, piano Rumi Ogawa-Helferich – cymbalom, perkusjon Andreas Böttger – perkusjon Detlef Tewes – mandolin Jürgen Ruck – banjo, gitar Ellen Wegner – harpe Mathias Tacke, Claudia Sack – fiolin Hilary Sturt – fiolin, stemmer Friedemann Dähn – bratsj Thomas Fichter- kontrabass, Fichter elektrisk kontrabass Ensemble Modern – ensemble

Salslister Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1993Top Classical Crossover2

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Yellow Shark» frå , den 25. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff The Yellow Shark

Kategori:Konsertalbum frå 1993 Kategori:Frank Zappa-konsertalbum Kategori:Barking Pumpkin Records-album Kategori:Klassiske album frå 1993