«Ring of Fire» eller «The Ring of Fire» er ein countrysong gjort populær av Johnny Cash og skriven av June Carter Cash og Merle Kilgore. Singelen finst på Cash-albumet Ring of Fire: The Best of Johnny Cash frå 1963. Songen vart opphavleg spelt inn av syster til June, Anita Carter, på albumet hennar Folk Songs Old and New (1963) som «(Love's) Ring of Fire". «Ring of Fire» vart rangert på fjerdeplass på lista til Country Music Television over dei 100 beste countrysongane gjennom tidene i 2003 og 87. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane nokon gong.

Songen vart spelt inn 25. mars 1963, og vart den største hitten i karrieren til Johnny Cash. Han låg sju veker på toppen av singellista i USA. I januar 2010 hadde han seld til gullplate og var blitt lasta ned digitalt 1,2 millionar gonger.

Skriving

Sjølv om «Ring of Fire» høyres noko illevarslande ut, syner uttrykket til å bli forelska - som June Carter opplevde med Johnny Cash på dentida. Somme kjelder hevdar at Carder hadde sett uttrykket «Love is like a burning ring of fire» streka under i ein av diktbøkene til onkelen A. P. Carter.«Obituary: Anita Carter". The poem was «Love's Ring Of Fire by Bob Johnston, according to Johnny Cash by Stephen Miller. The (London) Independent. 4. august 1999. Henta 24. august 2014.«Google Books Search, Johnny Cash, by Steve Miller". Ho arbeidde med Kilgore på songen, slik onkelen hadde gjort tidlegare. Ho hadde skrive «There is no way to be in that kind of hell, no way to extinguish a flame that burns, burns, burns».«Ring of Fire" . RollingStone.com. 9. desember 2004. Henta 24. august 2014.

Den første kona til Cash, Vivian Liberto, skriv om «Ring of Fire» i boka si I Walked the Line. Ho hevdar at June Carter ikkje skreiv songen: «Eg er framleis mållaus når eg høyrer detaljane June fortel om korleis ho skreiv songen for Johnny. Ho skreiv ikkje songen noko meir enn eg gjorde. Sanninga er at Johnny skreiv songen, høg på piller og full, om eit visst kvinneleg organ. I alle dei åra ho har hevda at ho skreiv songen sjølv, visste ho truleg ikkje kva songen i røynda handlar om.» Liberto hevda at Cash valde å gje Carter medlåtskrivar-status fordi «ho trengde pengane».

Songen vart opphavleg spelt inn av syster til June, Anita Carter, på Mercury Records-albumet hennar Folk Songs Old and New (1963) som «(Love's) Ring of Fire». Mercury gav ut Anita sin versjon som singel og han vart vald ut som «pick hit» i magasinet Billboard.

Etter å ha høyrt denne versjonen hevda Cash at han hadde ein drøym der han høyrte songen med «meksikanske horn». Cash sa, «Eg gjev deg fem eller seks månader til, og om du ikkje får ein hit med songen, så kjem eg til å spele inn songen slik eg føler for det». Cash merka at det å legge til trompeter var eit steg til side for den vanlege stilen hans.

Då songen ikkje vart ein hit for Anita, spelte Cash inn sin versjon og la på mariachi-aktige horn. Denne stilen vart seinare nytta i songen «It Ain't Me Babe», som vart spelt inn kring same tid. Mother Maybelle og Carter-systrene er med i Cash-innspelinga på harmonivokal. Cash endra nokre av setningane frå Anita Carter-versjonen av songen.

Dottera til Cash, Rosanne, har sagt, «Songen handlar om den forvandlingskrafta i kjærleiken, og og det er dette songen alltid har tydd for meg og det er dette han alltid kjem til å tyde for Cash-borna».«Cash family blocks haemorrhoid ad". Bfvt.com. 18. februar 2004. Henta 24. august 2014.

Andre versjonar

Det er gjort mange andre versjonar av «Ring of Fire», og den største hitten fekk Eric Burdon & the Animals. Versjonen deira vart spelt inn mot slutten av 1968 og nådde Topp 40 i fire forskjellige land. Seint i 1974 gav the Eric Burdon Band ut ein tyngre versjon. Ein versjon av Alan Jackson med gjestevokal av Lee Ann Womack vart gjeven ut som singel den 6. desember 2010. Han var den første singelen frå samlealbumet hans 34 Number Ones og nådde 45. plass på countrylista i USA.[ Alan Jackson USA chart history], Billboard.com. Henta 24. august 2014.

Salslister

Johnny Cash-versjonen Liste (1963/1968)PlasseringU.S. Billboard Hot Country Singles 1U.S. Billboard Hot 100 17Den tyske singellista 27Den sveitsiske singellista 77

Eric Burdon and the Animals-versjonen Liste (1969)PlasseringAustralian Single ChartThe Animals chart entries, tsort.info. 10Den nederlandske singellista 4Den tyske singellista 24UK Singles Chart 35

Alan Jackson-versjonen Liste (2010)Plassering

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ring of Fire (song)» frå , den 24. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Singlar frå 2010 Kategori:Songar skrivne av Merle Kilgore Kategori:Johnny Cash-songar Kategori:Dwight Yoakam-songar Kategori:Mark Collie-songar Kategori:George Canyon-songar Kategori:Alan Jackson-songar Kategori:The Animals-songar Kategori:Social Distortion-songar Kategori:Grammy Hall of Fame Award 087 Kategori:Jerry Lee Lewis-songar