Den internasjonale mannsdagen er ein global dag for markering av saker knytte til menn som finn stad den 19. november kvart år. Grunngivingane til arrangørane for arrangementet har variert. Fleire arrangørar har opplyst at formålet er å vera ein kampdag for menns rettar, og har samanlikna mannsdagen med Den internasjonale kvinnedagen. I motsetning til kvinnedagen, har mannsdagen ingen offisiell status hos FN.
Mannsdagen har vore lagt til mellom anna 7. februar, 7. oktober eller 19. november. I Noreg har det med ujamne mellomrom vore skipa til mannsdag i privat regi 19. november, kjenneteikna av at talet på deltakarar har vore lite. Meininga med markeringane er gjere synleg at menn manglar rettar på visse område i høve til kvinner. Mannsdagen skal vere ei samling for alle som vil kjempe mot dei tradisjonelle og avgrensande førestellingane om kjønn og kjønnsroller.
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery uttalte følgjande om mannsdagen i Nyhetsmorgen på NRK P2 19. november 2024:
«Det er mange likestillingssutfordringar også for menn. For å nemna nokon: Dei er overrepresenterte på ein del dårlege statistikkar. Til dømes er den vanlegaste dødsårsaka blant unge menn sjølvmord. Me veit at unge menn dominerer på kriminalitetsstatistikken. Me veit også at menn i større grad utøver vald, men også blir utsett for vald; ikkje heime, men ute. Så vald er ein komponent i fleire menns liv. Me veit også at menn slit meir med rus enn kvinner. Og så veit me at menn har kortare levealder. Dei døyr tidlegare, og fleire døyr av kreft. Dette er likestillingsutfordringar.»
«Gutar og menn opplever utfordringar på ei rekkje område. Det kan vera under utdanning, i familielivet, eller når det gjeld fysisk og psykisk helse. Dette er det viktig at me snakkar om på mannsdagen, og eigentleg alle andre dagar. Skal likestillingsprosjektet ha legitimitet må det omfamna alle kjønn», sa Liza Reisel, forskar ved Institutt for samfunnsforsking, i samband med mannsdagen i 2024.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Mannsdagsbloggen Likestillingsombodet om menn og diskriminering. Nettsider for International Mens Day November 19, basert i Australia.
Kategori:Internasjonale dagar Kategori:Kjønn